Veit du om ei strand som må ryddast?
Interessa for å bidra i kampen mot marin forsøpling er for tida stor og Hold Norge Rent hjelper til med å organisere frivillige i dette arbeidet. På deira Ryddeportal kan du registrere område som er forsøpla og som treng å ryddast. Du kan og registrere eigne ryddeaksjonar eller finne ein aksjon å bidra til.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Søppel som skadar havet er eit stort miljøproblem. Men DU kan gjere noko med det!
- Hald rede på avfall og gjenstandar slik at dei ikkje havnar i naturen, både privat og i jobben din. Det er òg lov å minne naboen på at alle har eit ansvar.
- Rydd søppel som ligg i naturen. Mange stader blir rydding av strandsona organisert av lag og foreningar. Du kan òg ta initiativ til slik rydding og lokale verksemder bør bidra til å halde nærområdet ryddig.
- Ver ein bevisst forbrukar. Velg kosmetikk og tannkrem utan mikroplast og vask ikkje klede av mikrofiber oftare enn naudsynt.