Klimasnuprisen
For å motivere til klimaomstilling i Møre og Romsdal, deler Statsforvaltaren årleg ut KLIMASNUprisen.
Prisen skal delast ut som påskjøning for
- særleg engasjement og resultat i arbeidet med klimavennleg omstilling i Møre og Romsdal
- å ha bidratt aktivt med å finne fram til eller auka bevisstheita om løysingar på klimautfordringane utan at det har gitt vesentleg negativ effekt på andre berekraftmål. (Løysingane kan gjerne vere lokale og eksempelvis knytt til energibruk, avfall, innkjøp, transport eller tilpassing til klimaendring)
Frist
Frist for nominasjon er 1. november.
Kven kan nominerast
Grupper og nettverk/verksemder/organisasjonar/offentlege organ/personar, som har bidratt særskilt til positiv utvikling innan klimaarbeid i Møre og Romsdal det siste året.
Kven kan sende inn forslag til nominasjon
Grupper og nettverk/verksemder/organisasjonar/offentlege organ/personar, kan sjølv nominere sine tiltak eller bli nominert av andre, for eksempel ein samarbeidspartnar eller innbyggar. Same innsendar kan sende inn fleire forslag
Nominasjonen må innehalde
- Namn på gruppe/nettverk/verksemd/organisasjon/offentleg organ/person og kontaktperson
- Namn på klimatiltaket og kva kategori det høyrer til, utsleppsreduksjon eller klimatilpassing
- Skildring av tiltaket (maks 400 ord)
- Skildring av effekt tiltaket har på utslepp og klimaomstilling eller klimatilpassing (Maks 200 ord)
- Skildring av overføringsverdi til andre (Maks 200 ord)
- Liste over eventuelle referanser og referanseprosjekt
Kriterium for tildeling
- Oppnådde resultat som vil gje fylket ei positiv utvikling med omsyn til klima.
- Overførbart og til inspirasjon for andre
- I tråd med FNs berekraftsmål
Vurdering av forslag og kåring av vinnar
Statsforvaltaren si faggruppe for Klimasnu vurderar dei innsendte nominasjonane og innstiller til prisen. (Ved behov hentar arbeidsgruppa inn nødvendig ekstern fagkompetanse). Ein jury, beståande av statsforvaltaren, representantar frå KS, NHO, LO, ungdomsrådet og framtidslabben i Ålesund, handsamar innstillinga og avgjer kven som skal få prisen.
Prisen
Vinnar vil motta eit symbol som er laga av dei som skal arve jorda etter oss. Vinnaren vil også få mykje merksemd og god omtale og ein premiesum på 10 000 kr.
Norinsect i Stordal vinner KLIMASNUprisen 2023!
– Vi håper årets pris inspirerer til samarbeid om sirkulær utnytting av ressursar her i fylket, seier juryen. Norinsect nyttar avfall frå matproduksjon på Stranda til å produsere larver som går til fôr til dyr.
Publisert 10.01.2023
Betonmast Røsand får Klimasnuprisen 2022
Betonmast Røsand får Klimasnuprisen 2022. Dei er med på å heve miljøkrav-standarden i byggebransjen.
Publisert 05.01.2023
Matredning ved Gomalandet SFO
Gomalandet SFO er ein av tre kandidatar som kan vinne Klimasnuprisen 2022. Kvar veke reddar dei store mengder frukt og grønt som elles hadde blitt kasta frå butikken.
Publisert 05.01.2023
Elferjer i Møre og Romsdal
Rett før jul besøkte statsforvaltar Else-May Norderhus den siste av dei tre kandidatane som kan vinne Klimasnuprisen 2022: Møre og Romsdal fylkeskommune, og deira elferjer.
Publisert 05.01.2023
Betonmast Røsand reduserer byggavfall
Då Betonmast Røsand AS bygde Kårvåg barneskule på Averøy vart avfallet frå byggeplassen meir enn halvvert frå det som er vanleg.
Publisert 12.12.2022
Desse tre kan vinne Klimasnuprisen
Ein SFO som reduserer matsvinn, ein entreprenør som reduserer avfall i sin byggverksemd og fylkeskommunen som innfører batteridrivne ferjer kan vinne Klimasnuprisen 2022.
Publisert 29.11.2022
Sju kandidatar til Klimasnuprisen
Sjå alle kandidatane til Klimasnuprisen 2022 her! Tre av kandidatane vil bli peika ut som finalistar, og få besøk av statsforvaltar Else-May Norderhus i løpet av desember.
Publisert 19.01.2022
Urban Gartneren AS vinner Klimasnuprisen
– Ei løysing for framtida, seier juryen om Urban Gartneren sin måte å dyrke på. Blant tre gode nominerte til Klimasnuprisen var det alternativ dyrking av salat og mikrogrønt som vann.
Publisert 20.12.2021
Sola skinn for Finn Roger Trodal
Det vart eit energisk møte mellom Statsforvaltar Else-May Norderhus og Finn Roger Trodal. - Bra du tør å satse og gå foran, var Else-May sin første kommentar.
Publisert 16.12.2021
Den urbane bonden
No opnar han Noregs første fullskala anlegg for hydroponisk dyrking av salat.
– Det er utroleg bra at vi har ein slik produsent i Møre og Romsdal, seier ei begeistra statsforvaltar.
Kontaktpersonar
-
Anne Melbø
Tlf: 71 25 85 15 / 97 70 45 91 -
Yngvild Meinseth
Tlf: 71 25 85 18
Tidlegare vinnarar
Film frå prisutdelinga for 2021
For å motivere til klimaomstilling i Møre og Romsdal, deler Statsforvaltaren årleg ut KLIMASNUprisen. Her ser du filmen om Klimasnuprisen 2021. Filmen blei også vist på Nyttårskonferansen 2022.
Klimaomstilling
Med klimaomstilling meiner vi både endringar i samfunnet som gjer det mogleg å redusere klimagassutslepp og endringar som bidrar til at samfunnet er godt budd på og tilpassa eit klima i endring.
KLIMAGASSREDUKSJON
For å bremse den globale temperaturstiginga i tråd med Parisavtalen må store kutt i utsleppa på plass innan 2030. Det er behov for ei stor omstilling av samfunnet i Noreg, òg i Møre og Romsdal. Får å få til dette, må det settast inn tiltak og verkemiddel for å redusere utsleppa, men òg for å auke opptak av klimagassar.
KLIMASTILPASSING
Klimatilpassing inneber å tilpasse seg eit klima i endring. Både for å hindre eller redusere skade, men òg for å utnytte moglegheitene som endringane kan føre med seg. Å ta omsyn til eit klima i endring er naudsynt for å gjere samfunnet meir motstandsdyktig – i dag og i framtida.