Møteserie om kantsonar og biologisk mangfald hausten 2022

Frå Ansok i Stranda kommune.
Frå Ansok i Stranda kommune. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/Tormod Meisingset.

Norsk landbruksrådgivning Nordvest og lokale Bonde- og Småbrukarlag arrangerer ein møteserie om kantsoner og biologisk mangfald i fleire kommunar i november/desember 2022. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.10.2022

Her vil du få auka kunnskap om korleis vi skjøttar og tek vare på kantsonar, pollinerande insekt og fuglar i kulturlandskapet. Møteserien er støtta av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gjennom ordninga «tilskot til tiltak for ville pollinerande insekt», og av Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Meir informasjon og påmelding finn du på nettsida til NLR Nordvest

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.