Skjøtsel av trua naturtypar i Møre og Romsdal

Fylkesmannen har inngått skjøtselsavtale for 30 verdifulle kystlyngheier, over 150 artsrike  slåttemarker og nokre få slåttemyrer i løpet av dei siste åra. Aktiv skjøtsel basert på faglege råd i skjøtselsplanar skal bidra til å betre tilstanden for desse naturtypane. Arbeidet er forankra i mål i nasjonale handlingsplanar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.12.2017

Dei siste femti åra har fleire naturtypar gått sterkt tilbake i Norge. I Norsk raudliste for naturtypar (2011) utgitt av Artsdatabanken er 40 naturtypar kategorisert som trua. 31 naturtypar er kategorisert som nær trua.

Fleire av dei trua naturtypane våre er avhengig av skjøtsel eller restaurering. Når område som tidlegare vart beita eller slått, gror igjen, vil plante- og dyrelivet endre seg. Dette gjeld særleg naturtypar i kulturlandskapet som slåttemark, slåttemyr, kystlynghei og naturbeitemark. I våtmarksområde og ferskvatn er restaurering av myrer og flomløp aktuelt som flomdempings- og klimatiltak. Oppsplitting og bortfall av leveområde er den viktigaste årsaka til at naturtypar og artar kjem på raudlista.

Kongen i statsråd har gitt 6 av dei trua naturtypane status som utvald naturtype gjennom forskrift. Dette gjeld slåttemark, slåttemyr, kystlynghei, kalksjøar, kalklindeskog og hole eiker. Dei tre første er registrert i Møre og Romdal. Vi har også nokre få lokalitetar med litt eik.

Når ein naturtype er utvald, betyr det at det skal takast særskilt omsyn til naturtypen ved offentlege avgjerder som kan endre tilstanden eller utbreiinga av denne typen natur. Reglane om utvalde naturtypar legg vekt på berekraftig bruk, og er ikkje like strenge som i verneområde.

Tiltak for å ta vare på naturtypane er skildra i handlingsplanar. Fylkesmannen skal bidra til at måla i handlingsplanane blir nådd. Det er utarbeid over 200 skjøtselsplanar og inngått skjøtselsavtalar med mange grunneigarar, lag, organisasjonar, foreiningar, føretak og kommunar. Arbeidet har kome lengst for slåttemark, men det har pågår skjøtsel og restaurering av kystlyngheier fleire stader i fylket med rydding, lyngbrenning og beiting. Nokre gode døme på aktiv skjøtsel av kystlynghei finn vi på Sør-Smøla, Småge i Aukra kommune, Uksnøya i Sandøy kommune og Nerlandsøya i Herøy kommune. Nokre av tiltaka er i verneområde der også Statens naturoppsyn bidreg med skjøtselsarbeid..

Gjennom miljøforvaltninga si tilskotsordning for trua naturtypar, kan grunneigarar, lag, foreiningar, private eller kommunar og andre institusjonar søke om tilskot til tiltak i førekomstar av utvalde og trua naturtypar. Landbruksføretak kan søke om midlar til ivaretaking av slåttemark og kystlynghei gjennom Regionalt miljøprogram.

Søknadsfristen for tilskot til trua naturtypar er 15. januar. Elektronisk søknadsskjema finst på Miljødirektoratet si nettside.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar