Rovvilt

Oppdatert 03.01.2023

Bjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn blir rekna som rovvilt. Det er eit hovudmål å sikre levedyktige bestandar av dei fire store rovdyrartane og av kongeørn. Samtidig er det eit mål å oppretthalde eit aktivt landbruk for å utnytte beiteressursane for sau og rein i utmark. For å nå dette todelte målet må vi forvalte rovviltbestanden, samtidig som landbruket må tilpasse seg noko i kjerneområda for rovvilt.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver i forvaltninga av rovvilt:

  • tildele midlar til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og behandle søknader om erstatning for skadar som freda rovvilt har gjort på bufe
  • behandle søknader om båsfangst av jerv og gaupe
  • gi løyve til skadefelling av gaupe, jerv, ulv og bjørn innanfor tildelt kvote frå rovviltnemnda
  • stå for forvaltninga av kongeørn, mellom anna å vurdere søknader om skadefelling
  • vere sekretariat for den regionale rovviltnemnda, som skal sørgje for at rovdyrstammane blir forvalta slik at talet på dyr er så nær bestandsmålet i regionen som mogleg

Vis meir


Publisert 30.11.2023

Lisensfelling av ulv 2023/2024

Rovviltnemnda i region 6 har opna for felling av inntil tre ulvar i Midt-Norge vinteren 2023/2024. Lisensfellingsperioden er 1. desember 2023 til 31. mai 2024.


Publisert 07.11.2023

Auka tap til freda rovvilt i 2023

Fleire har søkt om rovvilterstatning i 2023, og både til jerv og gaupe er det vesentleg større tap enn i 2022. Fjord og Rauma har dei største tapa til jerv. Tingvoll har to tredelar av omsøkte tap til gaupe i fylket.


Publisert 16.10.2023

Søknad om erstatning for rovviltskade i 2023

No kan du sende inn søknad om erstatning for rovviltskade på sau for beitesesongen 2023. Fristen er 1. november.


Publisert 18.08.2023

Lisensfelling av jerv i Møre og Romsdal 2023-2024

I Møre og Romsdal kan det fellast inntil 6 jervar i lisensfellinga som startar 20. august.


Publisert 18.08.2023

SMS-teneste for lisens- og kvotejakt

Alle som deltar i lisens- og kvotejakt på rovvilt bør registrere seg. Du vil då motta oppdatert kvoteinformasjon på SMS. Tenesta erstattar ikkje kvotetelefonane. 


Publisert 31.01.2023

Gaupejakta startar 1. februar

Det kan fellast inntil fire gauper i forvaltningsområdet for gaupe i Møre og Romsdal når jakta startar 1. februar. I resten av fylket er det kvotefri jakt.


Publisert 02.12.2022

Lisensfelling av ulv 2022/2023

Rovviltnemnda i region 6 har opna for felling av inntil to ulvar i Midt-Norge vinteren 2022/2023. Lisensfellingsperioden er 1. desember 2022 til 31. mai 2023.


Publisert 18.11.2022

Nedgang i tap til freda rovvilt i 2022

Færre har søkt om rovvilterstatning i 2022, og både til jerv og gaupe er det vesentleg mindre tap enn i 2021. Fjord og Rauma har framleis store tap til jerv, medan Surnadal, Sunndal og Stranda har nedgang. Tingvoll er kommunen med nesten alle omsøkte tap til gaupe i fylket. 


Publisert 19.08.2022

Miljødirektoratet opnar ikkje for lisensfelling av brunbjørn i Møre og Romsdal (region 6) i 2022

Bakgrunnen for beslutninga er at bestanden av bjørn framleis ligg under bestandsmålet i desse rovviltregionane, og det ligg ikkje føre eit bestandsgrunnlag for å redusere bestanden eller for å regulere bestanden si utbreiing.


Publisert 19.08.2022

Lisensfelling av jerv i Møre og Romsdal 2022-2023

I Møre og Romsdal kan det fellast inntil 7 jervar i lisensfellinga som startar 20. august.