Lisensfelling av ulv 2022/2023
Rovviltnemnda i region 6 har opna for felling av inntil to ulvar i Midt-Norge vinteren 2022/2023. Lisensfellingsperioden er 1. desember 2022 til 31. mai 2023.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 02.12.2022
Kvoten på to ulvar gjeld for heile region 6, som er fylka Trøndelag og Møre og Romsdal. Bakgrunnen for vedtaket er kunnskap om ulveskader og -aktivitet frå tidlegare år.
Rovviltnemnda sitt vedtak om kvote for lisensfelling av ulv 2022/-23 blei påklaga av Aktivt Rovdyrvern. Klima- og miljødepartementet stadfesta rovviltnemnda sitt vedtak i brev datert 23. november 2022.
Krav til jegerar som vil jakte ulv
- Jegarar som vil delta i lisensfellinga må registrere seg som lisensjegar via Jegerregisteret. Jegar skal bere med seg utskrift av den personlege lisensen under fellingsforsøket.
- Skyteprøve avlagt i jaktåret 2022/2023 gjeld i deltaking i lisensfellinga av ulv til og med 31. mai 2023.
- Betalt jegeravgift er kun gyldig for jaktåret, dvs. ut mars månad. Lisensjegarar som skal delta i fellinga av ulv etter 31. mars 2023 må betale jegeravgift for nytt jaktår (2023/2024) før dei kan delta i lisensfellinga.
- Lisensfelling av ulv krev løyve frå grunneigar.
- Jegarar pliktar å halde seg oppdatert om den til ei kvar til attverande kvota. Informasjon om kvota får ein på Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sin kvotetelefon 71 25 85 03 (telefonsvarar).
- Ved felling av ulv eller om det vert løyst skot mot ulv skal dette UTAN OPPHALD meldast til Statsforvaltaren på telefon 9092 6016 og til næraste politimyndigheit.
- Felte dyr skal framvisast for Statens naturoppsyn (SNO) for umiddelbar kontroll, merking og prøvetaking av biologisk materiale. Jeger skal kunne påvise fellingsstad etter anmoding frå Politiet, Statens naturoppsyn eller Statsforvaltaren.
- Viltfondet har eigedomsrett til alt freda rovvilt felt under lisensfelling jf. viltlova § 48. Viltfondet opprettheld sin eigedomsrett til felt ulv (herunder kraniet), men gir jeger rett til skinnet av ulv felt under lisensfelling. Vi gjer merksam på at omsetting eller vidaresal av delar av felt ulv utanfor landets grenser er omfatta av CITES-regelverket.