Oppstart av marin verneplan - Griphølen og Remman
Melding om oppstart og høyring av utgreiingsprogram for marin verneplan for Griphølen og Remman - Kristiansund og Smøla kommunar. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg her.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen melder i samsvar med § 42 i naturmangfaldlova om oppstart av arbeidet med marin verneplan for Griphølen og Remman i Kristiansund og Smøla kommunar. Verneplanen skal innehalde ei konsekvensutgreiing, og eit utgreiingsprogram skal difor ligge til grunn for arbeidet.
Vi ber med dette om:
- innspel til korleis verneforslaget med føresegner bør utformast.
- merknader til utgreiingsprogrammet, dvs. til korleis verneplanarbeidet og utgreiingane bør gjennomførast.
Frist for innspel og merknader er 30. juni 2020. Send e-post til fmmrpost@fylkesmannen.no, ev. brev til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde.
For informasjon om verneplanarbeidet og dei to områda viser vi til vedlagt utgreiingsprogram.
Kontaktpersonar
-
Bjarne Otnes
Tlf: 71 25 85 75
Dokument
- 1_Oppstartsmelding_marint_vern_Griphølen_og_Remman.pdf
- 2_Adresseliste.pdf
- 3_Utgreiingsprogram_marint_vern_Griphølen_Remman_HØYRINGSUTKAST.pdf
- 4_Kart_Griphølen_Oppstart marint vern.pdf
- 5_Kart_Remman_Oppstart marint vern.pdf
- 6_eksempel_verneforskrift_tauterryggen_marine_verneomrade.pdf
- 7_eksempel_verneforskrift_jarkysten_marine_verneomrade.pdf