Motsegn mot landbasert oppdrettsanlegg i Raudbergvika
– Etablering og drift av oppdrettsanlegget vil virke inn på miljø, landskap og verdsarv. Vi fryktar skadelege langtidseffektar på Storfjorden, seier direktør Linda Aaram hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Saman med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) fremmer Statsforvaltaren motsegn mot områdeplanen for det planlagde landbaserte oppdrettsanlegget i Raudbergvika. Det er plasseringa som uroar Statsforvaltaren mest.
Bør vurdere alternative areal
– Det føreligg inga vurdering av reelle alternative areal for lokaliseringa av anlegget. Eit slikt alternativ må famne om eit større geografisk område enn berre Storfjorden, seier Aaram.
Statsforvaltaren meiner at plasseringa av eit så stort anlegg burde vere resultat av ei overordna vurdering av alternative areal.
– Ei anna plassering, nærare ope hav, kunne gitt mindre usikkerheit for miljøkonsekvensar for fjorden. Om plasseringa ikkje var så tett på verdsarv og vernområder, ville ho også utfordra internasjonale og nasjonale verdiar i mindre grad, seier Aaram.
Ho legg til at Raudbergvika er utsett for flodbølgje, noko som vil krevje ekstra beredskap. Ei anna plassering ville dessutan kunne gitt lettare tilgang til straum og vatn.
Fryktar å skade fjorden
Statsforvaltaren skriv i motsegna til høyringa at dei er spesielt usikre på kor store utsleppa til sjø faktisk vil bli, og korleis utsleppa vil spreie seg og virke over tid.
– Mest av alt fryktar vi skadelege langtidseffektar av auka utslepp til sjø inne i Storfjorden, seier Aaram.
– Sidan vi har for lite kunnskap om effektane, må føre-var-prinsippet leggjast til grunn når vi skal trekke konklusjonen om kva verknadar anlegget kan få på økosystema i Storfjorden, seier Aaram.
Ei rekke motsegner
Statsforvaltaren og NVE har ei rekke motsegner til planen. Mellom anna er det ikkje dokumentert at tiltaket er trygt mot flodbølge og ras. Risiko og sårbarheits-analysen er også mangelfull og må kompletterast.
Dokument
Om områdeplanen og anlegget
Områdeplan for landbasert oppdrettsanlegg på Raudbergvika- Eidsdal er sendt på høyring og lagt til offentleg ettersyn.
Reguleringsplanen skal legge til rette for landbasert oppdrettsanlegg i fjellhallar og tilhøyrande bygningar og støttefunksjonar i dagen i Raudbergvika, og utfylling i sjø med 10 millionar m3 massar ved Eidsdal for å etablere slakteri, foredlingsanlegg og fryseri. Dei to areala er knytt saman med ein om lag 6-7 km lang tunnel.
Det er planlagt produksjon av om lag 100.000 tonn laks årleg og 20 millionar smolt/postsmolt i året. Etter det Statsforvaltaren kjenner til er dette verdas nest største planlagde landbaserte anlegg. Fjellhallane og tunellen er innafor grensa til Vestnorsk fjordlandskap verdsarvområde og Geiranger – Herdalen landskapsvernområde.