Presentasjonar frå webinar om frivilleg skogvern
Fredag 4. juni hadde Statsforvaltaren webinar (Teams) med kommunane i Møre og Romsdal om frivilleg skogvern. Presentasjonane frå webinaret er tilgjengelege i denne artikkelen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 07.06.2021
På webinaret orienterte Hege Steigedal og Ola Betten frå Statsforvaltaren si miljøvernavdeling om bakgrunn for og innhald i ordninga med frivilleg vern av skog. I tillegg orienterte Anette Jenssen frå Allskog om deira arbeid som kontaktledd med grunneigarar som har areal som er aktuelt for vern.
Webinaret vart leia av Christina Qvam Heggertveit frå landbruksavdelinga hos Statsforvaltaren.