Justis- og verjemålsavdelinga
På vegne av fylkesmannen løyser Justis- og verjemålsavdelinga oppgåver for heile 10 departement.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 31.01.2014
Felles for dei fleste av oppgåvene er at dei i ei eller anna form handlar om tryggleik, anten samfunnstryggleik, eller rettstryggleik for enkeltmenneske. Avdelinga fører tilsyn med den kommunale beredskapsplikta, og vi er klageinstans for ei rekkje kommunale vedtak. Etter kvart er vi og blitt ein stor førsteinstans, der arbeidet med verjemål er den største. Denne oppgåva overtok vi i 2013 frå dei kommunale overformynderia