Nyheitsbrev om plan juni 2021
Statsforvaltaren og fylkeskommunen sender ut felles nyheitsbrev om plan og plansak, til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du sakene som er omtalt i nyheitsbrevet for juni.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Sunne kommunar sin nettverkskonferanse
Kva er samanhengane mellom sosial berekraft og folkehelse? Og korleis kan vi styrke sosial berekraft i regional og lokal samfunnsutvikling? Dette er sentrale tema på nettverkskonferansen til Sunne kommunar som blir arrangert i Ålesund 02.09 i samband med berekraftsfestivalen The North West.
Møre og Romsdal fylkeskommune er vertskommune og samlinga er open.
Sjå meir informasjon, program og påmelding ...
Konferanse og seminar
Vi minner om fagseminar tettstadutvikling 30.09 og konferansen Kampen om sjøareala 26.-27.10. Fleire opplysningar kjem.
Plannettverkssamlingar
Meininga var å arrangere fysisk plannettverkssamling i vår. Dette vart det vanskeleg å få til på grunn av pandemien. Vi har som mål å arrangere samlingar i haust og kjem tilbake til datoar seinare.
Tre fylkesstrategiar vedtekne
Fylkesplanen for Møre og Romsdal vart vedteken av fylkestinget i oktober. Den skal følgjast opp av fylkesstrategiar. Fylkesstrategiane for kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2021-2025, fylkesstrategi for forsking og innovasjon 2021-2024 og fylkesstrategi for samferdsel 2021-2024 vart vedteke av fylkestinget i juni. Desse kan de finne på fylkeskommunen si nettside her ...
Arbeidet med fylkesstrategiane for landbruk og klima, miljø og energi er starta opp. For landbruksstrategien sin del er det gjennom tre arbeidsverkstader med landbruksnæringa utarbeidd med framlegg til resultatmål og tiltak. Dette vil gje grunnlag for vidare utarbeiding med planen.
Fylkesstrategi for kultur, frivillig sektor og arenaer for perioden 2021 – 2025
Høyringsframlegg til fylkesstrategi for kultur, frivillig sektor og arenaer for perioden 2021 – 2025 er no lagt ut. Høyringsfrist er 15. 09.21. Høyringssvar sender de til post@mrfylke.no.
Fylkesstrategien inneheld satsingsområde innan kunst og kultur for barn og unge, profesjonell kunst og kulturformidling, den profesjonelle kunstnaren, arkiv, bibliotek og museum, anlegg og arenaer for idrett, fysisk aktivitet og kultur, og frivillig sektor.
Fylkesstrategi for attraktive byar og tettstader
I tråd med regional planstrategi er arbeidet med ny fylkesstrategi for attraktive byar og tettstader starta opp. Strategien skal erstatte regional delplan med same tittel, frå 2015. Tilnærminga vil likevel vere noko breiare enn i gjeldande plan, og erfaringar frå plan for areal-, klima og transport i Ålesundsregionen (PAKT) vil kome godt til nytte i prosessen. Dette betyr også at prinsippa i «statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging» vil
prege både prosess og innhald i sterkare grad enn tidlegare, noko som også vil vere i samsvar med fylkesplanvedtaket om «berekraftfylket Møre og Romsdal». Arbeidet er likevel berre i startfasen og høyringsutkast vil kome seinare.
PAKT – Plan for areal-, klima og transport i Ålesundsregionen blir lagt til høyring
Ålesund, Giske og Sula kommunar har no gjort vedtak om å sende denne planen ut på offentleg ettersyn. Høyringsfristen er 30. 09 dersom fylkesutvalet støttar forslaget frå administrasjonen. Saka vil bli reist for fylkesutvalet 28. juni med sikte på tilsvarande vedtak om offentleg ettersyn. Dette for at planen også skal kunne vedtakast både som interkommunal plan og regional delplan. Det ligg eit svært omfattande arbeid bak planen, som må sjåast som ein parallell til planar i dei ni byregionane der Stortinget har opna for bymiljøavtalar og byvekstavtalar. Ålesundsregionen er ikkje blant desse, men det er gjennom Nasjonal Transportplan (NTP) opna for at Ålesund, saman med fire andre regionbyar kan få midlar gjennom liknande, men enklare avtalar. Eit mål om «nullvekst» i utslepp frå persontransporten er ein føresetnad for slike avtalar, og dette målet er innarbeidd i PAKT.
Gjenreisingsprosjektet
Fylkeskommunen har sett i gang eit prosjekt i samarbeid med dei tre kommunane som har byar gjenreist etter arkitekt Sverre Pedersens «brente steders regulering». Dette er Kristiansund, Molde og Åndalsnes. Prosjektet har som mål å auke merksemda og kunnskapen om dei kvalitetane og potensialet som ligg i gjenreisingsarkitekturen, og å utforme ein meir heilskapleg politikk i skjeringspunktet mellom byutvikling og kulturvern. Dette krev samarbeid mellom
fylkeskommunen, kommunane og ei rekke private aktørar som opererer innanfor
gjenreisingsområda. Det er etablert eit kontaktnett mot dei tre kommunane. Som ein start på prosjektet, blei det 10.06 arrangert eit digitalt fagseminar med nesten 60 deltakarar. Eitt av måla med seminaret var å formidle erfaringar frå andre gjenreisingsbyar, her Steinkjer og Bodø.
Universell utforming
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har kome med ein ny rettleiar om universell utforming i planlegging. Rettleiaren skal hjelpe kommunane med å utvikle universelle løysingar der alle kan verte inkluderte.
KS har produsert fleire hefte om universell utforming, blant anna om «Universell utforming – hva ser vi etter uteområder» og «kartlegging av skoler og barnehager». Hefta kan du lese på KS sine nettsider.
Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging
Klima- og miljødepartementet har laga eit retningslinje for behandling av støy i arealplanlegginga. Føremålet er å legge til rette for ei langsiktig arealdisponering og planlegging av det fysiske miljøet som fremmer trivsel og bukvalitet, førebygger helsekonsekvensar av støy og som tek vare på og utviklar gode lydmiljø og stille område.
Opning av Syltetorget i Valldal
Syltetorget vart opna i byrjinga av juni. Syltetorget og kaifronten, som også blir ferdigstilt i desse dagar, er eit resultat av eit langsiktig arbeid med å gjere Valldal sentrum tryggare og trivelegare for innbyggarar og besøkande. Tiltaket er eit spleiselag mellom Fjord kommune, lokalt næringsliv og Tettstadprogrammet i Møre og Romsdal fylkeskommune. Målet er auka trivsel og livskvalitet for innbyggarar og tilreisande, betra tryggleik for gåande, auka bruk av sentrum, auka omsetjing
for verksemder i og tilknytt sentrum. Tiltaka skal styrke Valldal sin status som eit senter for handel, oppleving og næringsaktivitet.
Avkøyrsler og byggegrenser
Møre og Romsdal fylkeskommune ber kommunane om å gjere ei fagleg vurdering av tilkomst og byggegrense i plan- og dispensasjonssaker som blir sendt på høyring.
Grunnlag for vurderinga vil vere:
• Føresegner om avkøyrsler og/eller byggegrense i overordna plangrunnlag
• Haldningsklasse i Rammeplan for avkøyrsler og differensierte byggegrenser langs fylkesveg
• Årsdøgntrafikk
• Fartsgrense
• Ulykker
• Tekniske krav i vegnormalane (N100, V121 m. fl.)
Der tiltaket er plassert langs fylkesveg, eller knytt til fylkesvegen via privat veg, må det sendast søknad om avkøyrselsløyve. Er tiltaket i strid med arealbruk fastsett i kommuneplanen, kan vi ikkje behandle avkøyrselsøknaden før dispensasjonssaka er avklart av kommunen, men vi vil gjere ei førehandsvurdering dersom oversendinga gir grunnlag for det. Dersom tiltaket krev dispensasjon frå fylkesvegen si byggegrense, og slik byggegrense ikkje er fastsett i plan, må det sendast eigen søknad.
Skjema for søknad om avkøyrsler og byggegrense etter veglova ligg her:
www.mrfylke.no/vegskjema
Kartlegging av naturtypar
Det vil bli gjennomført kartlegging av naturtypar i tre utvalde område i Møre og Romsdal i 2021: Hornindal/Stranda, Romsdalen og Nordmarka i Surnadal.
Målet med kartlegginga er å få på plass god koordinatbestemt informasjon om naturen til bruk i mellom anna arealforvaltning. Ved at stadfesta informasjon om natur er tilgjengeleg tidleg i ein arealplanprosess, vil dette kunne bidra til at det vert lettare å ta omsyn til naturen, i tillegg til å bidra til meir effektive og føreseielege planprosessar.
Innmelding til kartlegging for 2022 vil bli gjennomført hausten 2021. Kommunane vil då bli inviterte til å kome med innspel til nye aktuelle område. På Miljødirektoratet sine sider finn du meir informasjon om kartlegginga og områda som skal kartleggast.
Biogassanlegg og varetaking av risiko i plan
Ved planlegging av biogassanlegg må det avklarast om anlegget vert omfatta av
storulukkesforskrifta. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap oppdaterte i 2019 rettleiaren sin om tryggleik rundt storulukkesverksemder.
Biogassanlegg skal vurdere risiko knytt til handtering av farleg stoff. Om naudsynt skal det opprettast arealmessige avgrensingar rundt utstyr og anlegg, jf. §§ 14 og 16 i forskrift om handtering av farleg stoff. DSB har laga ein rettleiar til forskrifta.
Nivå på kartlegging av reell fare i ROS-analysen
Ved siste plannivå er det ikkje mogleg å skyve nærare avklaring av reell fare til byggesak. Dersom tiltak skal realiserast direkte med heimel i kommuneplanen sin arealdel, må kommuneplanprosessen ha teke i vare kartlegging, risikovurdering og oppfølging på reguleringsplannivå. Det vil seie at reell fare er kartlagt på kommuneplannivå for dei områda der ein kan tillate utbygging utan krav om reguleringsplan. Rundskrivet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet om samfunnstryggleik i planlegging og byggesakshandsaming har meir om dette.
Samfunnsplanlegging i distriktskommunar
Distriktssenteret har henta erfaringar frå sju distriktskommunar om korleis dei har planlagt og gjennomført prosessen med å lage kommuneplanens samfunnsdel. Denne rapporten er til inspirasjon for andre distriktskommunar, og inneheld gode råd til både kommunane, regionale og nasjonale styresmakter. Rapporten kan du lese her.
Klimasamling for kommunane i Møre og Romsdal
Hald av 11. og 12. november! Då blir det samling i Ålesund for eit breitt spekter av leiarar og saksbehandlarar i kommunane. Kommuneplanleggarane har ein sentral rolle i klimaarbeidet og bør prioritere samlinga. Klimasamlinga vert arrangert av fylkeskommunen, Statsforvaltaren, Miljødirektoratet og DFØ, i samarbeid med mange fleire. Dette blir den største hendinga innan klimafeltet i vårt fylke i 2021. Ikkje gå glipp av den!
Samordna bustad-, areal- og transportplanlegging i distrikta
Syns du samordna bustad-, areal- og transportplanlegging stort sett handlar om større byar? I klimapodcast 38 kan du endeleg høyre meir om korleis få til god planlegging som gjer tettstadane både meir attraktive, inkluderande og klimavennlege. Kan bygda verkeleg bli mindre avhengig av bil? Gå inn og høyr sjølv!
Klimasnuprisen
Nominasjonsskjema for Statsforvaltaren sin Klimasnupris 2021 er opna for påmelding! Aktuelle kandidatar til Klimasnuprisen kan vere gruppe/nettverk/verksemd/organisasjon/offentleg organ/person og kontaktperson som har vist særleg engasjement og resultat i arbeidet med klimavennleg omstilling i Møre og Romsdal.
Kandidatane må ha bidratt aktivt med å finne fram til eller auka bevisstheita om løysingar på klimautfordringane. Løysingane kan gjerne vere lokale eksempelvis knytt til energibruk, avfall, innkjøp, transport eller tilpassing til klimaendring.
Frist for nominasjon er 1. oktober 2021. Prisen vert delt ut på nyttårskonferansen 2022. Les meir her ...
Kommunane prioriterer barn og unge
Kommuneundersøkinga om levekåra i Møre og Romsdal viser at kommunane prioriterer folkehelsa til barn og unge. Kommunane er klar over at dei bør jobbe meir med bustadsosial planlegging. Møre og Romsdal Idrettskrets, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gjennomførte i vinter ei spørjeundersøking blant kommunane i fylket. Undersøkinga er ein del av eit felles arbeid i folkehelseforum, der dei tre organisasjonane er med. Resultatet av undersøkinga er no klart i rapporten «Levekårsundersøkinga for Møre og Romsdal 2021». 14 av 26 kommunar svarte på undersøkinga, blant dei to av byane.
Kommunestatistikk vert oppdatert før ferien Statistikkpakka kommunestatistikk vert oppdatert to gonger i året, ein gong rundt jul og ein gong før sommarferien. På desse tidspunkta legg vi inn alle dei nye statistikkane som er tilgjengelege,
og i «sommaroppdateringa» er det særleg demografi- og sysselsettingsstatistikkane som er i fokus. Kommunestatistikk finn de her ...
Folkehelsedata til kommunane
Det er gjort eit større arbeid med Folkehelseundersøkinga. Vi har bearbeidd rapporten frå Folkehelseinstituttet og forsøkt å gjere den litt meir brukarvennleg. Den bearbeidde utgåva av rapporten er laga i excel og inneheld resultata for kvar einskild kommune i eigne faner. Resultata for alle kommunane er sett i to matriser kor kommunane er samanlikna med kvarandre.
Trafikklysskalaen er nytta, der grønt er bra og raudt dårleg. Vi gjer merksam på at kommunane her er samanlikna med kvarandre internt i fylket, og følgjeleg vil det berre vere svara i dei ulike kommunane her som er grunnlaget for skåren – ikkje om det objektivt sett er bra eller dårleg.
Vi har også gjort eit større arbeidd med å systematisere frekvenstabellar for alle spørsmåla for alle kommunane. Desse vil bli lagt ut på fylkeskommunen sine folkehelsesider om kort tid. Nokre spørsmål er av ulike årsaker ikkje med, i hovudsak spørsmål som er sensitive eller som i kombinasjon med andre spørsmål kan bryte med personvernet.
Nasjonal berekraftskonferanse
Regjeringa arrangerte konferansen «Veien mot 2030» i byrjinga av juni. Du kan sjå konferansen i opptak her ...
Berekraftfylket
Alle kommunar i Møre og Romsdal har kartlagt status på berekraft, i eit unikt pilotprosjekt. No er funna klare og blir presenterte i ein omfattande rapport. Les meir på Møre og Romsdal fylkeskommune sine nettsider.
Klimakrav i kommunale plansaker
Gjekk du glipp av webinaret om korleis kommunen kan stille klimakrav i reguleringsplanar og i anna planarbeid? Ikkje fortvil. Du kan sjå opptak og laste ned alt material frå webinaret her.
Digitale kommunedialogmøte
Statsforvaltaren har gjennomført digitale dialogmøte med politisk og administrativ leiing i kommunane i perioden april – juni 2021.
Tema for dialogmøta vil variere noko frå år til år. I 2021 har vi fokus på:
• pandemisituasjonen
• kommuneøkonomi
• kommunal planlegging
• bruk av FNs berekraftsmål
• samfunnstryggleik og beredskap
Statsforvaltaren inviterer elles kommunen til å presentere status og utfordringar, og ta opp konkrete tema for vidare dialog og samarbeid.
Forskriftsendringar med verknad frå 1. mai 2021
Regjeringa gjer endringar i regelverket om kva tiltak som er unnateke søknadsplikt etter plan- og bygningslova.
Nye retningslinjer for planlegging i strandsona
Regjeringa har vedteke nye statlege planretningslinjer for strandsona. Retningslinjene gir større høve for næringsutvikling og busetjing i spreiddbygde strok langs kysten. Samtidig vert dei strenge reglane i Oslofjorden og i pressområda i Sør- og Midt-Norge vidareførte.
Arealstrategi i småkommunar
Kommunal- og moderniseringsdepartementet ønsker å vite meir om korleis kommunar med inntil 2.500 innbyggarar brukar langsiktig arealstrategi i kommuneplanlegginga. Som eit ledd i dette arbeidet har KMD bestilt rapporten Arealstrategi i småkommuner - Bro mellom kommuneplanens samfunnsdel og arealdel?
Bokmål-nynorsk ordliste for plan- og bygningslova
På regjeringa.no finn du bokmål-nynorskordliste for plan og bygningslova.
Kommuneplanens arealdel – rettleiar
Rettleiaren om kommuneplanen sin arealdel er fornya. Den gir svar på vanlege spørsmål og problemstillingar og har mange eksempel som kan vere aktuelle for kommunen si arealplanlegging.
Oppdatering av planlegging.no
Nettsidene om planlegging etter plan- og bygningslova er lagt om og strukturert betre. Sidene har tre hovudinngangar:
• rettleiing og overordna føringar
• fagtema i planlegging
• innføring i plansystemet og prosessane
Revisjon av FylkesROS Møre og Romsdal
Statsforvaltaren har ansvar for å samordne, halde oversikt over og informere om arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i fylket. Som ein del av dette samordningsansvaret skal Statsforvaltaren ha oversikt over risiko og sårbarheit. Mellom anna med ei oppdatert risiko- og sårbarheitsanalyse for fylket – FylkesROS
Statsforvaltaren starta våren 2021 arbeidet med å utarbeide ein ny revidert FylkesROS. Med utgangspunkt i revidert FylkesROS skal Statsforvaltaren utarbeide ein oppfølgingsplan med ansvarsavklaringar. Oppfølgingsplanen vil innehalde forslag til tiltak som vil styrke samfunnstryggleiken i fylket. Målet er at planen skal fungere som eit prioriteringsgrunnlag for å utvikle eit meir motstand- og tilpassingsdyktig samfunn.
Handlingsplan for fysisk aktivitet 2020-2029
Vi vil minne om strategien "Sammen om aktive liv. Handlingsplan for fysisk aktivitet 2020-2029" som vart lansert i 2020. Aktivitet i kvardagen er ein viktig faktor for å oppretthalde god helse. Det krev ein innsats både frå den enkelte, men også god tilrettelegging i kommunane sitt planarbeid slik at helsevenlege val blir enkle.
Handlingsplanen skal bidra til samfunns- og arealplanlegging legg til rette for å skape eit meir aktivitetsvenleg samfunn. Den støtter mellom anna opp under dei rollane og det ansvaret kommunane har for å arbeide for eit meir aktivitetsvenleg samfunn.
Kartlegging, systematisering og standardisering av planbestemmelsar i reguleringsplanar Kommunal- og moderniseringsdepartementet har som mål å bidra til ein meir effektiv og betre planprosess. Som eit ledd i dette har Asplan Viak laga ei utgreiing om korleis reguleringsføresegner kan bearbeidast med tanke på digitalisering.
Arealprofilar som felles kunnskapsgrunnlag for planlegging
Første versjon av arealprofilar for norske kommunar er publisert på ssb.no.
• Arealbruk i din kommune (SSB)
• Indikatorar for arealprofiler (SSB/Tableau)
• Kommuneareal (SSB)