Nyheitsbrev plan desember 21
Statsforvaltaren og fylkeskommunen sender ut felles nyheitsbrev om plan og plansak til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du sakene som er omtalt i nyheitsbrevet for desember.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Redusert kapasitet på fylkesvegavdelinga
Fylkesvegavdelinga, plan- og trafikkseksjonen, vil frå årsskiftet og vel eit halvår framover ha redusert kapasitet i saksbehandlinga. Dette gjeld uttale til planar etter plan- og bygningslova, vedtak etter veglova, uttale til nabovarsel frå fylkeskommunen som vegeigar og førehandsuttale i plan- og veglovssaker. Fylkeskommunen har sendt brev til kommunane om dette.
Webinar om klimareduksjon og klimatilpassing
Mange deltok på klimakonferansen i Ålesund i november. På Miljødirektoratet si heimeside finn de presentasjonar frå konferansen og opptak av webinar om klimautslepp og klimatilpassing som har vore arrangert i etterkant av konferansen. Miljødirektoratet har arrangert mange webinar om klimautslepp i 2021. Desse er råd å sjå i opptak.
Folkehelse- og friluftslivssamling
Vi har tidlegare invitert til folkehelsesamling på nyåret. Vi må dessverre avlyse den fysiske folkehelsesamlinga 18.-19. januar, men vi arrangerer eit kort webinar 18. januar. Tema for webinaret er
- Folkehelseundersøkinga 2021
- Berekraft og folkehelse
- Utvikling av nettbasert folkehelseoversikt for kommunane på Søre Sunnmøre
Fysisk samling er utsett til 28.-29.03.
Program og påmeldingsskjema for webinaret ligg her.
Vel møtt til webinar!
Påmeldingsfrist er Fredag 14. januar.
Nybrottsarbeid skal styrke kommunen som samfunnsutviklar
Korleis kan distriktskommunar utnytte sitt handlingsrom til å påverke samfunnsutviklinga i den retninga dei ønsker? Det skal eit samarbeid mellom Distriktssenteret, 3 fylkeskommuner og 14 kommuner finne ny kunnskap om. Fire kommunar frå Møre og Romsdal er med: Sande, Fjord, Tingvoll og Aure. Les på meir på Distriktssenteret sine sider.
Erfaringar og råd frå kommunane i arbeid med sentrumsutvikling
Tettstadprogrammet arrangerte Tettstadseminaret på Vestnes 30.09-01.10. Målgruppa var kommunar som jobbar med sentrumsutvikling, og formålet med seminaret var fleire;
- Tilby kommunane kunnskapspåfyll gjennom faglege innlegg
- Invitere til erfaringsutveksling og dialog mellom deltakarane
- Besøke ein av dei aktive kommunane i Tettstadprogrammet og gå på synfaring i byrom som er realisert i samarbeid mellom kommune, lokalt næringsliv og fylkeskommunen
- Inspirere og motivere til vidare arbeid med tettstadsutvikling
- Sikre innspel/medverknad til arbeidet med ny fylkesstrategi for attraktive byar og tettstadar
I tillegg til forelesningar og byvandring vart det gjennomført ein arbeidsverkstad som er oppsummert i ein rapport. Svara frå dei ulike gruppene er samanstilte, og det er lagt til nokre eksempel som er henta frå nokre av dei lokale innlegga på seminaret. Rapporten kan vere til inspirasjon og nytte for fleire enn dei som deltok på seminaret.
Riksantikvaren sin klimastrategi
Ein auka sirkularitet i byggenæringa, samt bruk og ombruk av bygningar og kulturmiljø kan vere avgjerande for reduksjon av klimagassutslepp. Klimaendringane gjer at vi står i fare for å miste viktige kulturminne, kulturmiljø og landskap. Riksantikvaren sin nye klimastrategi viser korleis kulturmiljø bidrar til å redusere klimagassutslepp, og inneheld konkrete tilrådingar til kommunar og offentlege eigedomsforvaltarar om oppfølging av klimatilpassing og reduksjon av klimautslepp.
Fylkesstrategi for attraktive byar og tettstader
Arbeidet med Fylkesstrategi for attraktive byar og tettstader går etter planen. I haust har det vore tettstadseminar på Vestnes, og by- og tettstadbolk på Innovasjonsfestivalen på Åndalsnes, begge med arbeidsverkstader. Det har vore arbeidsverkstad med ungdommens fylkesting, og to møter i ekstern brei prosjektgruppe. Ny handelsanalyse for Møre og Romsdal er ferdig, og vil få eigen presentasjon. Innkjøp av to fortettings-analysar, i Molde og på Skei i Surnadal, ligg ute i marknaden. I tillegg blir det arbeidd med ein kampanje i sosiale medium og på fylkeskommunen si nettside for å opne for innspel til strategiarbeidet på nett.
Fylkesstrategi for kultur, frivilligheit og arenaer og Regional plan for vassregion Møre og Romsdal vart elles vedteke på fylkestinget i desember.
Riksantikvaren sin bystrategi
Kulturminne og kulturmiljø gir byar og tettstader særpreg og gjer dei unike. Kulturmiljø bør derfor vere eit utgangspunkt og ein ressurs i stadutvikling, og kan vere eit viktig bidrag til gode og attraktive tettstader. Riksantikvaren sin nye bystrategi gir tilrådingar for korleis kulturmiljøverdiar kan bli brukte som ein ressurs for å utvikle levbare byar og tettstader.
KMD - landskonferansen i plan og bygningsrett 2021
Landskonferansen i plan- og bygningsrett vart arrangert i Trondheim 10.- 12. november 2021. Presentasjonar frå konferansen er tilgjengeleg på KMD sine nettsider.
KMD – Nettverkssamling for regional og kommunal planlegging 2021
Den årlege nettverkssamlinga for regional og kommunal planlegging i regi av KMD vart gjennomført i Oslo 1 . – 2. desember 2021. Presentasjonar frå konferansen er lagt ut på KMD sine nettsider.
Bylivsenteret - oppdatert handbok i aldersvennleg stadutvikling
På oppdrag frå Helsedirektoratet laga Norske arkitekters landsforbund i 2019 ei handbok i aldersvennleg stadutvikling. Handboka har no blitt oppdatert med tre nye eksempel. Den skal gi nyttige råd og praktiske tips til kommunane i arbeidet med å skape gode og aldersvennlege byar og tettstader.
Bylivsenteret - Bylivskonferansen 2021 tilgjengeleg i opptak
Årets konferanse gjekk digitalt 3.-4. november. Temaet var «Småbyliv – strategier for bærekraftig stedsutvikling». Gjekk du glipp av konferansen? No er den tilgjengeleg som opptak.
Tilskot for å vareta naturmangfald i kommunen 2022
Tilskotsordninga for å utarbeide kommunedelplan for naturmangfald vert vidareført i 2022. Målet med ordninga er å styrke naturforvaltninga i kommunane og bidra til større bevisstheit kring eigne naturverdiar. Fristen for å søke om tilskot er 1. februar, men søknadsprosessen bør starte allereie no.
Kampen om sjøareala - sjå foredraga frå sjøplankonferansen
No er alle foredraga frå sjøplankonferansen tilgjengelege. Du kan også sjå heile konferansen i opptak.
Satsar på ungt entreprenørskap og digital helseplattform
Kvart år deler Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ut statlege midlar (skjønnsmidlar) til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane. Kommunane i Møre og Romsdal får i 2022 øyremerka midlar til ungt entrepenørskap og digital helseplattform.
Bioenergi i Møre og Romsdal - samfunnsinteresse i biovarme
Vi ser at flisfyring, bioenergi og biovarmeanlegg er element som gir oss betre energifleksibilitet. Flisfyring fører til betre bruk av biomasse som elles ikkje går inn i noko anna verdikjede. Tilgang til energi er viktig for omtrent alle utfordringar og høve vi møter i dag - jobbar, tryggleik, klimaendringar, matproduksjon og moglegheiter for auka inntekt. Energiproduksjon og -forbruk er den største medverkinga til klimaendringar, gjennom utslepp av CO2 og andre klimagassar. Les meir på Statsforvaltaren si heimeside.
Fleire nye biovarmeanlegg i Møre og Romsdal
Frå 2016 til i dag har totalt 17 føretak i Møre og Romsdal fått støtte frå Innovasjon Norge gjennom bioenergiprogrammet. Her er støtte til gardsvarmeanlegg, anlegg for varmesal, varmeanlegg for veksthus, biogassproduksjon, lager- og tørkeanlegg for brenselsflis, konsulenthjelp til forstudiar, forprosjekt og utrekningar og kompetanse- og informasjonstiltak.
Vil du vite noko om utslepp frå norsk industri?
Kanskje du ønskjer å vite kva industrien i nærleiken av deg har lov til å drive med? Og kva slags utslepp dei har? Mange svar finn du på nettsida «Norske utslipp».
KMD - oppdatert rettleiar om barn og unge i plan og byggesak
I planlegging og i krav til kvart enkelt byggjetiltak skal omsynet til barn og unge sikrast. Denne rettleiaren viser korleis plan- og bygningslova kan medverke til å sikre og skape gode oppvekstvilkår for barn og unge. Kapittelet om kommunelova er oppdatert. Det same er modellen over planleggingsprosessen.
Forprosjekt om klimaverktøy til kommunane
Rambøll har på oppdrag frå KMD gjennomført eit forprosjekt om eit klimaverktøy for kommunal planlegging. Rapporten kan lesast her.
KMD: Plannytt – nyheitsbrev om planlegging etter plan- og bygningslova
Her er lenke til Plannytt 5/2021.
Nyheitsbrev for «Leve hele livet» - november 2021
Leve hele livet-konferansen 2021- sjå konferansen her.