Enklare byggesaksprosessar ved mottak av flyktningar
Kommunal- og distriktsdepartementet har samla relevant regelverk mv. om enklare byggesaksprosessar i samband med den venta massetilstrømminga av ukrainarar på flukt.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 18.03.2022
Som følgje av invasjonen av Ukraina skriv departementet at Noreg må vere førebudd på ei massetilstrømming av flyktningar.
Det er då viktig med raske og effektive prosessar for å sikre at vi har tilstrekkelg mottakskapasitet og bustadar. Departementet har difor samla relevant regelverk mv. om enklare byggesaksprosessar her.