Samfunnstryggleik i reguleringsplan

 

Reguleringsplan er eit arealplankart med tilhøyrande føresegner som viser bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Reguleringsplan kan utarbeidast som områderegulering eller detaljregulering.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.01.2015

Det vert årleg utarbeidd mellom 2000 og 3000 nye reguleringsplanar i Norge. 70 % av desse er basert på private planforslag. Det vert stilt ei rekkje krav til utarbeidinga av planforslag og rammene for bruk av planomtale, arealføremål, omsynssoner og føresegner.

Statsforvaltaren skal sjå til at det vert teke samfunns- og tryggleiksmessige omsyn i reguleringsarbeidet, og at det vert gjort naudsynte konsekvensvurderingar. Viss ikkje dette er på plass når planutkastet kjem til høyring, vil det blir gitt motsegn. Ei motsegn frå statleg eller regional styresmakt opphevar kommunane si rett til å eigegodkjenne kommunale planar.

Vi vil framheve følgjande lovkrav til reguleringsplanar:

  • Alle planar skal innehalde ei planskildring når dei vert lagt ut til offentleg ettersyn (§ 4-2).
  • Det er krav om risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for alle planar som gjeld utbygging (§ 4-3).
  • Arealplanar skal framstillast i samsvar med kart- og planforskrifta. Det er utarbeida nye teiknereglar for arealplankart.

Det er laga ein rettleiarar om utarbeiding av reguleringsplan.

Krav til ROS-analysen
Til reguleringsplanen skal det gjennomførast ein detaljert risiko- og sårbarheitsanalyse der reell fare skal vere identifisert, skildra og vurdert. Der det eksisterer tryggleikskrav (skred, flaum o.l.) skal analysen vurdere den reelle faren i forhold til desse.

ROS-analysen skal danne grunnlag for arealplanprosessar fram mot byggesak, og gjennom føresegner gje føringar som må oppfyllast for at utbygging eventuelt skal kunne skje. Fagspesifikke ROS-analysar kan bidra inn i analysen i den grad dei har konsekvensar for arealbruk.

Ved endringar av reguleringsplan må ROS-analysen oppdaterast. Kommunen bør gå gjennom analysen og vurdere om nye farar har oppstått, og/eller om nye tiltak er naudsynt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.