Besøk av sjefen for Heimevernet i Norge
Mandag 24.10 fekk Statsforvalteren besøk av sjefen for Heimevernet i Norge, generalmajor Elisabeth Michelsen saman med oberstløytnant Knut Are Bakke, distriktssjef i Møre og Fjordane heimevernsdistrikt.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 24.10.2022
Situasjonen i Europa med krigen i Ukraina gjer at trusselsituasjonen mot Norge også har endra seg. Dette var tema på møtet med statsforvaltar Else-May Norderhus i dag.
Etter besøket hos Statsforvaltaren dro dei vidare til Shell sitt gassanlegg på Aukra for å følgje opp situasjonen der.
Fortsatt deltek HV, saman med politiet med vakthald rundt gassanlegget. Dette som ein direkte konsekvens av eksplosjonen av gassrøyrledninga i Østersjøen i september.