Sjekkliste for samfunnstryggleik

Statsforvaltaren har utarbeidd ei sjekkliste som gjev ein standardisert og forenkla framgangsmåte for ROS-undersøkingar. Denne er oppdatert i juni 2023. Sjekklista kan tene som utgangspunkt for ROS-analysar i mindre/enkle arealplansakar, men planleggar/planmynde må i kvart tilfelle vurdere om bruk av sjekklista er føremålstenleg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.01.2015, Sist endra 15.06.2023

Sjekklista kan tene som utgangspunkt for å vurdere risiko og sårbarheit i arealplansaker. Tiltakshavar må gjere sjølvstendige vurderingar for å kvittere ut spørsmåla i sjekklista. Dersom de er usikre på om det føreligg risiko, skal det hentast inn fagkyndig vurdering. Alle står fritt til å tilpasse sjekklista til eige behov.

Vurdere konsekvensar av klimaendringar

Klimaendringane vil påverke framtidig risiko og sårbarheit, og ROS-analysen må difor vurdere konsekvensar av klimaendringar. Oppdatert sjekkliste omfattar sjekkpunkt relevant for klimatilpassing. Klimatilpassingsdelen i «Statlege planretningsliner for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing» ligg til grunn for val av desse sjekkpunkta.

Dokumentasjon av risiko og sårbarheit

I saker der risiko eller sårbarheit ikkje vert avdekt, kan utfylt sjekkliste og kommentarar gå inn i saka som dokumentasjon av risiko og sårbarheit. Dersom risiko eller sårbarheit vert avdekt, skal dette visast i sjekklista, saman med utfyllande ROS-vurdering av dei avdekte forholda.

Sjekklista kan under same føresetnad brukast i dispensasjons- og byggesaker.

Sjekklista er ikkje fullstendig utfylt før den er datert og signert av den som går gjennom sjekklista.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Dokument