Fylkesberedskapsrådet

Fylkesberedskapsrådet er Statsforvaltaren sin møteplass for gjensidig orientering om beredskap. I krisesituasjonar er rådet Statsforvaltaren sitt forum for rådgjeving og samordning av innsats. Fylkesberedskapsrådet har eitt fast møte i året og trer elles saman ved behov.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.12.2015

Medlemmene i rådet er oppnemnde av Statsforvaltaren. Det er ikkje oppnemnd varamedlemmer, men medlemmer som ikkje kan møte skal utfrå vurdering av situasjon og dagsorden sende vikar. Utfrå slike vurderingar kan Statsforvaltaren også kalle inn andre til å møte i rådet.

Oppretting av fylkesberedskapsråd er heimla i fylkesmannens samfunnsikkerhetsinstruks.

Desse aktørar er representert i fylkesberedskapsrådet:

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal fylkeskommune
KS Møre og Romsdal
Møre og Romsdal politidistrikt
Møre og Fjordane heimevernsdistrikt HV11
Møre og Romsdal sivilforsvarsdistrikt
Møre og Romsdal 110-sentral
Møre bispedøme
Statens vegvesen
NVE region vest
Helse Møre og Romsdal HF
Helse Midt RHF
Mattilsynet
Kystverket, Midt-Noreg
Fiskeridirektoratet, region M&R
KBO / Istad Nett SA
NHO Møre og Romsdal
NRK Møre og Romsdal
Telenor Norge AS
Møre og Romsdal Røde Kors
Redningsselskapet Region Midt-Norge
Norsk totalforsvarsforum
NAV Møre og Romsdal
Bufetat
Kartverket Molde
Avinor
BaneNOR

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar