Restmidlar kommunalt rusarbeid

Søknadsfrist:
15. september 2023 23:59
Målgruppe:
Kommunane i Møre og Romsdal
Ansvarleg:
Helsedirektoratet
Kven kan søke:
Kommunane i Møre og Romsdal

Vi har om lag 2 millionar på ordninga tilskot til kommunalt rusarbeid som kommunane  kan søke om.

Publisert 15.08.2023

Målet med tilskotet er å bidra til auka livskvalitet, meistring og mogelegheit for eit aktivt og meiningsfylt liv for personar med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande.

Kommunen kan søkje om tilskot til nye tilbod sjølv om de har fått tilskot til kommunalt rusarbeid gjennom overgangsordninga for den gamle tilskotsordninga på kommumunalt rusarbeid.

Tilbod som legg til rette for brukar- og pårørandemedverknad vil bli prioritert. Små kommunar vert oppmoda om å vurdere interkommunalt samarbeid. Om kommunen skal samarbeide med andre aktørar, kan de søkje om tilskot til å dekkje utgiftane for dei. 

Meir informasjon om ordninga ligg på nettsida til Helsedirektoratet. Der ligg og lenke til elektronisk søknadsskjema, som skal nyttast. Vi opppmoder kommunane til å gjere seg kjend med det nye regelverket, før de skriv søknaden. 

Søknadsfrist er 15. september 2023

Spørsmål som gjeld teknisk støtte til søknads- og rapporteringsskjemaet kan rettast til: hjelp@statsforvalteren.no

Søknadsfrist:
15. september 2023 23:59
Målgruppe:
Kommunane i Møre og Romsdal
Ansvarleg:
Helsedirektoratet
Kven kan søke:
Kommunane i Møre og Romsdal