Tilskot til tillitsreforma i barnehage og skole

Søknadsfrist:
8. september 2023
Målgruppe:
Tilsette i barnehagar og grunnskoler som arbeider med barn og elevar
Ansvarleg:
Utdanningsdirektoratet
Kven kan søke:
Kommunar

Tilskotet skal stimulere kommunane til å prøve ut meir tillitsbaserte arbeidsformer i barnehagar og skoler. Målet er at dei tilsette kan nytte sin kompetanse betre gjennom meir fagleg fridom og meir tid til barna og elevane.

Publisert 14.06.2023

Målgruppa for tilskotet er tilsette i barnehagar og grunnskolar som arbeider med barn og elever. Tillitsreforma skal også bidra til at samarbeid mellom partane i utdanningssektoren vert styrka.

Om tillitsreforma

Tillitsreforma omfattar heile offentleg sektor. Målet med reforma er å gi meir velferd og betre tenester til innbyggarane, og til rett tid. For å få dette til må vi auke tillita, mellom anna med å detaljstyre mindre og auke handlingsrommet for dei som arbeider i førstelinja. Les meir om tillitsreforma på regjeringen.no.

Vilkår for å få støtte

Kommunar som ønsker å prøve ut meir tillitsbaserte arbeidsformer og gi meir fagleg fridom til tilsette i barnehage og skole kan søke om tilskot. Dette kan vere utprøvingar som auker det lokale handlingsrommet, bygg sterke profesjonsfellesskap i barnehagane og skolane, styrkjer partssamarbeid på alle nivå, eller kombinasjonar av desse.

Kommunane kan søke om utprøvingar som kan bli gjennomført innanfor dei fullmaktane og frihetsgradane som kommunen og kommunen sine verksemder allereie har.

Kommunen må stille med ein eigenandel i gjennomføringa av utprøvinga. Eigenandelen må minst vere på størrelse med tilskotet som kommunen får.

Om søknaden

Bruk dette elektroniske søknadsskjemaet (jf. ovenfor):

Kommunen skal ikkje leggje ved ei utgreiing om tiltaket som skal prøvast ut, men dei må stadfeste at dei vil oppfylle vilkåra i tilskotsordninga.


Les meir om tildeling, korleis tilskotet vert berekna og om eventuell rapportering på udir.no.

Søknadsfrist:
8. september 2023
Målgruppe:
Tilsette i barnehagar og grunnskoler som arbeider med barn og elevar
Ansvarleg:
Utdanningsdirektoratet
Kven kan søke:
Kommunar