Tilskudd til svømming i barnehage
- Søknadsfrist:
- 1. april 2024
- Målgruppe:
- Kommunar, barnehagar og frivillege organisasjonar
- Ansvarleg:
- Reidun Nedrebø
- Rapporteringsfrist:
- 1. desember 2024
Tilskotet skal bidra til at barn i alderen 4 - 6 år i barnehage får betre svømmeferdigheiter og blir trygge i vatn.
Kommunar, barnehagar og frivillege organisasjonar kan søke om tilskot for å gjennomføre tiltak slik at barn i alderen 4 - 6 år får tilstrekkelege svømmeferdigheiter og blir trygge i vatn.
Opplæringa skal skje i barnehagen si opningstid og skal i hovudsak skje i basseng. Det er viktig at gutar og jenter får eit likeverdig tilbod.
Søknader som omhandlar eit samarbeid mellom kommune og frivilleg organisasjon vil bli prioritert. Kommunar kan og samarbeid om å etablere eit opplæringstilbod.
Tilskotet kan nyttast til å dekke transport til/frå svømmehall.
Tilskotssatsen for 2024 er kr. 2 000,- pr barn.
Søknad sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal på eige skjema.
- Søknadsfrist:
- 1. april 2024
- Målgruppe:
- Kommunar, barnehagar og frivillege organisasjonar
- Ansvarleg:
- Reidun Nedrebø
- Rapporteringsfrist:
- 1. desember 2024