Forskudd på arv fra personer som er under vergemål
Forskot på arv kan berre bli gitt dersom arvingar har eit særleg behov, eller dersom det finst dokumentasjon på at forskot på arv er verjehavar sitt ønske.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Verjemålslova § 41 andre ledd
«Med statsforvalterens samtykke kan vergen gi arveforskot til en livsarving, hvis det foreligger et særlig behov for det, eller hvis det foreligger skriftlige nedtegnelser eller andre holdepunkter for at et slikt forskot er i samsvar med ønsket til den som er under vergemål.»
Forskot på arv kan derfor berre bli betalt ut dersom
- barn, barnebarn eller oldebarn har eit «særleg behov».
eller
- dersom det finst skriftleg bevis, eller anna tydeleg dokumentasjon på at verjehavar ønsker at det skal bli gitt forskot på arv.
Eit «særleg behov» hos livsarving
Dette kan for eksempel vere:
- om livsarvingen har høy usikra gjeld (forbruksgjeld), og har komme i ein nesten uhaldbar livssituasjon.
- om livsarvingen står i fare for å miste bustaden sin.
- om livsarvingen har komme i ein uførutsett vanskeleg situasjon, f.eks. på grunn av sjukdom, arbeidslausheit, samlivsbrot eller liknande.
Lista er ikkje fullstendig, og andre typar behov kan også bli vurdert.
Skriftlege dokument eller andre haldepunkt
Dersom det er dokumentert at verjehavar sin vilje er å dele ut forskot på arv, er det ikkje nødvendig å vurdere livsarvingen sitt behov. Dokumentasjonen vil i seg sjølv vere nok til at statsforvaltaren kan godkjenne forskot på arv.
Undersøking av skriftlege erklæringar
Verjehavar kan i skriftlege erklæringar ha skrive under på eit ønske om å dele ut forskot på arv. Slike erklæringar må statsforvaltaren undersøke. Verjehavar sin helsetilstand på tidspunktet erklæringa ble skrevet vil kunne vere avgjerande for denne vurderinga.
Testament som dokumentasjon
Eit testament er meint å regulere fordelinga av arv etter dødsfall. Testamentet vil normalt ikkje kunne vere dokumentasjon for ønske om forskot på arv. Saman med annan dokumentasjon, kan likevel testamentet gi ein indikasjon på verjehavars vilje. Om verjehavar har delt ut forskot på arv tidlegare, kan det også vere relevant i vurderinga.
Samtale om verjehavars vilje
Om det er mogleg, skal verje ha ein samtale med verjehavar for å kartlegge om verjehavar ønsker å gi forskot på arv. Andre personar, f.eks. helsepersonell, kan ofte også ha oppfatningar om verjehavars vilje som vil vere relevante her.
God nok økonomi
Det er avgjerande at økonomien til verjehavar er god nok til å kunne gi ut forskot på arv. Verjehavar må sitte igjen med midlar nok til å dekke eigne framtidige og uforutsette utgifter. Kva for beløp verjehavar bør sitte igjen med, må bli vurdert mellom anna ut frå verjehavars alder og livssituasjon.