Vi treng fleire verjer!
Statsforvaltaren treng fleire samfunnsengasjerte personar som kan stille som verje i enkelte av våre kommunar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Behov
Det er per no god dekning på verjer i dei fleste områder, men vi ser eit behov for fleire verjer i følgende kommunar:
- Aure
- Smøla
- Rauma
- Vanylven.
Kva vil det seie å vere verje
Å vere verje er å gje personar med hjelpebehov den hjelp dei måtte trenge innanfor områder av personleg og/eller økonomisk art.
Informasjon
Meir informasjon om det å vere verje finn du på startsida til verjemål, eller på verjemålsportalen - www.vergemal.no.
Eg kan tenke meg å bli verje
Registrer deg i søknadskjemaet, og skriv utfyllande om deg sjølv. Kven er du? Kva har du arbeidt med tidlegare? Kva er motivasjonen din for å bli verje?
Legg også med kopi av CV. Vi vil ta kontakt med deg for ein prat om verjemål og verja si rolle.