Eksempel på framtidsfullmakt

Teksten under er kun eit eksempel – ikkje ein mal for utfylling.

Fullmaktsgivar oppfordras til å foreta endringar slik at eksempelet betre passar dine eigne ønsker og behov. 

Nærmare opplysningar om krav finn du i vårt informasjonsskriv eller i verjemålsloven kapittel 10.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

FRAMTIDSFULLMAKT

 

EKSEMPEL PÅ FREMTIDSFULLMAKT

 

 

[Navn], [fødselsnummer] gir [navn], [fødselsnummer] fullmakt til å representere meg og handle på mine vegne dersom eg grunna sinnsliding, demens, eller alvorlig svekka helse, ikkje lenger kan ta vare på mine eigne interesser.

 

Når fullmakta trer i kraft

Fullmakta trer i kraft så snart legen min erklærer at eg ikkje kan ta vare på eigne interesser. Fullmektigen har rett til å skaffe ein legeerklæring om helsetilstanden min, for å dokumentere at eg er ute av stand til å ta vare på mine interesser.

 

Informasjon

Fullmektigen skal informere meg, ektefellen/sambuaren min/eventuelt andre nære slektningar (dersom eg ikkje har ektefelle/sambuar) om at fullmakta nå er tatt i bruk, og om kva ho inneheld. 

 

Oppgåver

Fullmektigen skal ivareta alle mine personlege og økonomiske forhold. Fullmektigen har rettigheit over alle eigendelane mine, og kan foreta alle disposisjonar/avgjersler som fullmektigen ser som nødvendige. Dette gjeld i personlege, økonomiske og juridiske saker.

 

Fullmakta gjeld også rett til å gi vanlege gåver og utdelingar, mellom anna forskot på arv til arvingar, også til fullmektigen sjølv. Fullmektigen skal også kunne ta vare på mine interesser i saker han/ho er inhabil i.

 

Eigendom

Fullmektigen skal sørge for at min bustad i [adresse], gardsnummer […], bruksnummer […], vert selt dersom det oppstår behov for det. Om pengane frå salet vert brukt til ny bustad gjeld fullmakta for den nye eigendommen. Dersom det ikkje er behov for ny bustad, skal midlane som er igjen etter at all min gjeld er betalt, bli disponert av min ektefelle/sambuar. Dersom min ektefelle/sambuar er død, skal midlane bli delt likt mellom mine barn.

 

Disposisjonsfullmakt og bank:

Fullmektigen får rett til å disponere mine bankkontoar, blant anna til å inngå avtaler om bruk av betalingsteneste knytt til kontoane. Min fullmektig kan vurdere eventuelle andre behov i bank.

 

Endra forhold

Dersom min fullmektig blir forhindra, eller ikkje lenger er i stand til å ta vare på interessene mine, skal [namn, fødselsnummer] kunne tre inn som ny fullmektig.

 

 

 

[Sted], [dato] 

 

 

 

 

[Navn]

 

 

 

Vi stadfestar at denne framtidsfullmakta vart underteikna av [namn, fødselsnummer] av eigen fri vilje i dag, medan vi var til stade samtidig.

 

 

[Sted], [dato]

 

 

 

Vitne 1:                                                                              Vitne 2:

 

 

Navn:                                                                                 Navn:

 

Relasjon:                                                                           Relasjon:

 

Fødselsdato:                                                                     Fødselsdato:

 

Adresse:                                                                            Adresse:

 

Telefonnummer:                                                              Telefonnummer:                                                                 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.