Vil du bli verje?

Behov

Det er per no god dekning på verjer i dei fleste områder.

Kva vil det seie å vere verje

Å vere verje er å gje personar med hjelpebehov den hjelp dei måtte trenge innanfor områder av personleg og/eller økonomisk art.

Informasjon

Meir informasjon om det å vere verje finn du på startsida til verjemål, eller på verjemålsportalen.

Eg kan tenke meg å bli verje 

Registrer deg i søknadskjemaet, og skriv utfyllande om deg sjølv. Kven er du? Kva har du arbeidt med tidlegare? Kva er motivasjonen din for å bli verje?

Legg også med kopi av CV. Vi vil ta kontakt med deg for ein prat om verjemål og verja si rolle.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.