Politikaropplæring januar 2016
- Dato:
- 6. januar 2016 09:00 - 14. januar 2016 16:00
- Sted:
- Sjå invitasjonen
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Møre og Romsdal
- Målgruppe:
- Politikarane i kommunane i Møre og Romsdal
Politikaropplæring januar 2016.
Etter haustens kommunestyreval tilbyr fylkesmannen opplæring om ulikt regelverk som politikarane i kommunane har nytte av å kjenne til.
Opplæringa vil bli gjennomført fire stadar i fylket frå kl 09.00 - 15.45, og deltakarane står fritt til å melde seg på der det høver best.
Tid og stad:
6. januar 2016, Thon hotel Vårsøg i Surnadal - kl 09.00-15-45
7. januar 2016, Quality hotel Alexandra i Molde - kl 09.00-15.45
13. januar 2016, Scandic hotel Parken i Ålesund - kl 09.00-15.45
14. januar 2016, Quality hotel Ulstein i Ulsteinvik - kl 09.00-15.45
Opplæringa er planlagt med ein fellesdel i plenum om generelle tema, der det mellom anna vert orientert om busetnad av flyktningar i kommunane.
Etter lunsj blir det parallelle sesjonar om mange viktige tema innan den kommunale verksemda.
For å utøve rolla som politikar på ein god måte, må ein kjenne til det politiske handlingsrommet innafor mange sektorar i den kommunale verksemda. Fylkesmannen vil derfor oppmode alle politikarane i kommunestyra til å delta på denne opplæringa.
Økonomi: Gratis for politikarane. Evt andre deltakarar frå kommunane må betale prisen for ei dagpakke på det enkelte hotell (mellom kr 465,- og kr 545,-)
Påmelding: Det er bindande påmelding innan påmeldingsfristen 18. desember 2015. Spørsmål om påmeldingsskjemaet kan rettast til epost fmmrkurs@fylkesmannen.no, på telefon 71 25 84 09 eller 71 25 85 05.
Stadfesting: Du vil motta ei stadfesting på din epost når påmeldinga er gjort. Denne stadfestinga skal nyttast ved kontakt hit ang påmeldinga di.
- Dato:
- 6. januar 2016 09:00 - 14. januar 2016 16:00
- Sted:
- Sjå invitasjonen
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Møre og Romsdal
- Målgruppe:
- Politikarane i kommunane i Møre og Romsdal
Kontaktpersoner
-
Helge Mogstad
Tlf: 71 25 84 44 / 92 64 22 80
Dokumenter
- Invitasjon politikaropplæring januar 2016
- Program Politikaropplæring
- Fylkesmannen si rolle
- Presentasjon - Kommuneloven
- Tage P Strategisk planlegging i Moss og Mosseregionen
- IMDI - Fylkesmannens politikeropplæring
- Husbanken Folkevalgtopplæring FMMR
- Presentasjon - Forvaltningsrett
- Presentasjon - Helse- og sosial
- Presentasjon - Kommunereformdistriktssenteret
- Presentasjon - Kommuneøkonomi
- Presentasjon - Plan- og bygningsloven
- Presentasjon - Kommunereformen Fylkeskommunen
- Presentasjon - kommunereformen Fylkesmannen
- Politikarskolering på barnehage- og opplæringsområdet.pdf