Eksamen og vurdering
På denne sida vil du finne informasjon om gjennomføring av sentralt gitt eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring, samt om nasjonale prøver og kartleggingsprøver.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Vaksne som skal ta grunnskuleeksamen har felles førebuing, felles eksamen og felles sensur som i grunnskulen. Dei digitale prøvene i norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar finn ein på sida til Kompetanse Norge.
Denne sida er ikkje ei totaloversikt over eksamens- og prøvefeltet. For å halde seg oppdatert, følg med på sida til Utdanningsdirektoratet. Her finn ein meir informasjon.
Om klage på standpunktkarakterar i grunnskolen 2023
I denne rettleiinga vil Statsforvaltaren i Møre og Romsdal klargjere kva som er forventa av alle involverte partar i handsaminga av klage på standpunktkarakter. Vi håper dette vil tydeleggjere kva oversendinga frå skolane skal innehalde, slik at vi får ei god og effektiv sakshandsaming.
Publisert 09.02.2023
Eksamensmøte 2023 - Lysark frå møtet
Statsforvaltaren gjennomførte digitalt møte om eksamen og vurdering onsdag 8. februar. Det var god oppslutning om møtet.
Publisert 31.01.2023
Elevundersøkinga 2022
Resultata frå Elevundersøkinga hausten 2022 vart publisert 20. januar. Etter dette har mange skolar og skoleeigarar tatt kontakt om at dei har tilgang til færre resultat i år enn tidlegare.
Publisert 16.01.2023
Informasjon om sentralt gitt eksamen i grunnskolen 2023
Her finn du informasjon om å gjere elevane kjent med eksamen, påmelding av kandidatar, forslag til fagpersonar som sensor og komande møter om eksamen.
Publisert 08.12.2022
Materiell frå eksamenssamlinga i grunnskolen
Statsforvaltaren, i samarbeid med Utdanningsdirektoratet, arrangerte 03.11.22 ei digital samling om eksamen etter LK20. Presentasjonane frå samlinga ligg no tilgjengeleg på vår nettside.
Publisert 23.09.2022
Satsing på sentralt gitt eksamen i grunnskolen 2022-23
Etter fleire år med avlyst eksamen, og samstundes innføring av LK20 og nye eksamenar, ønskjer Utdanningsdirektoratet skoleåret 2022-23 å sikre ei felles forståing av endringane i sentralt gitt eksamen.
Publisert 28.02.2022
Regjeringa avlyser ordinære eleveksamenar
Alle ordinære eksamenar for elevar på 10. trinn og i vidaregåande våren 2022 er avlyst.
Som i fjor skal det gjennomførast eksamen for privatistar og enkelte eksamenar der elevane har særleg behov for å få avlagt eksamen. Fag- og sveineprøver skal også gjennomførast.
Publisert 11.02.2022
Regjeringa foreslår å avlyse alle eleveksamenar
Regjeringa foreslår å avlyse alle ordinære eksamenar for elevar våren 2022. Privatisteksamen og fag- og sveineprøve skal gjennomførast, slik som i fjor. Forslaget skal på ei kort høyring før endeleg avgjerd blir tatt.
Publisert 11.02.2022
Eksamensmøte 2022 - Lysark frå møtet
Statsforvaltaren gjennomførte digitalt møte om eksamen og vurdering onsdag 9. februar. Det var god oppslutning om møtet.
Publisert 31.01.2022
Informasjon om sentralt gitt eksamen i grunnskolen 2022
Her finn du mellom anna informasjon om påmelding av kandidatar, forslag til fagpersonar og sensur av sentraltgitt eksamen i grunnskolen våren 2022.
Kontaktpersoner
-
Annhild Lorentzen
Tlf: 71 25 85 96 -
Tone Malme
Tlf: 71 25 85 66
Lenker
Klage på standpunktkarakter
Rettleiing klage på standpunktkarakter i fag (Udir.no).
Vi har tatt i bruk den nye nasjonale løysinga for innsending av klager på standpunktkarakterar.
Vi ber om at skolane nyttar denne lenka for elektronisk oversending av klage på standpunktkarakter.
Aktuelt skoleåret 2022/2023
13. februar 2023:
Eksamensmøte for skoleeigarar og skoleleiarar
Påmelding og program til digitalt møte kjem.
31.05.2023:
Sensorskolering grunnskolen, Molde
18.06.2023:
Fellessensur grunnskolen, Molde