Avsluttande karakterar i grunnskulen i Møre og Romsdal
Fylkesmannen har ansvar for sensur og klagebehandling ved eksamen i grunnskulen. Førebels karakterstatistikk for eksamen 2013 er no klar. |
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Skriftleg eksamen i grunnskolen våren 2013
Til eksamen i grunnskolen våren 2013 blei det vurdert og sett karakter på i overkant av 4400 elevsvar i Møre og Romsdal.
Førebels karakterstatistikk er lagt ut på nettsida til Utdanningsdirektoratet. Resultatet for Møre og Romsdal er likt landsgjennomsnittet i engelsk og norsk sidemål. I matematikk og norsk hovudmål ligg vi litt under. Resultatet er noko lavare enn i 2012.
Fagnamn |
Snittkarakter |
Snittkarakter Nasjonalt |
Engelsk 10. årstrinn, skriftleg | 3,8 | 3,8 |
Matematikk 10. årstrinn | 3,0 | 3,1 |
Norsk hovedmål 10. årstrinn, skriftleg | 3,4 | 3,5 |
Norsk sidemål 10. årstrinn, skriftleg | 3,2 | 3,2 |
Klage på karakterar ved skriftleg eksamen
Det kom inn klager på 95 av desse karakterane, 7 i engelsk, 28 i matematikk, 30 i norsk hovudmål og 30 i norsk sidemål.
14 av desse 95 kandidatane fekk heva karakteren ved klagebehandlinga (12 kandidatar med ein karakter og 2 kandidatar med 2 karakterar). 3 kandidatar gjekk ned ein karakter.
Eksamensklagene er behandla av klagenemnder frå andre fylke.
Klage på standpunktkarakterar i grunnskulen
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i 2013 fått inn 57 klager på standpunktkarakterar i grunnskulen. I tillegg har det kome inn ei klage på ordenskarakter. Dette er ein nedgang frå tidlegare år. Talet på klager i fjor var 80 (pluss 4 klager i orden og åtferd). Tidligere år har talet på standpunktklager vore stabilt på i overkant av 100.
Dei 57 klagene på standpunktkarakter fordelte seg på 12 fag. Det kom inn flest klager i kroppsøving (17 klager), mat og helse (11 klager), samfunnsfag (7 klager), norsk munnleg (6 klager), matematikk (5 klager) og musikk (4 klager).
Det kom klager frå 22 skular, fordelt på 15 kommunar.
Nærare 70% av klagene er på karakterane 3 og 4.
I underkant av 30% av klagene blei ikkje tatt til følgje. Vel 70% av klagene er sendt tilbake til skolane for ny vurdering.
Kontaktpersoner
-
Tone Malme
Tlf: 71 25 85 66