Sensorskulering i grunnskulen 2017

Totalt 108 sensorar frå region Møre og Romsdal / Sogn og Fjordane deltok på årets skulering til sentralt gitt eksamen i norsk, engelsk og matematikk i grunnskulen som vart arrangert den 4. og 5. mai på Hotel Alexandra i Loen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.05.2017

Kvar vår inviterer Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane alle sensorar som skal delta i sensuren for dei tre sentralt gitte eksamenane i grunnskulen til sensorskulering. Utdanningsdirektoratet ved fagansvarleg i matematikk, Gregorios Brogstad, fagansvarleg i norsk, Øystein Jetne og frå fagnemnda i engelsk, Hilde-Merethe Ivarhus, sto for den faglege gjennomføringa.

Formålet med sensorskuleringa er at sensorane skal danne eit tolkingsfellesskap som skal sikre ei mest mogleg rettferdig og lik vurdering for alle elevar. Med «tolkingsfellesskap» meiner vi ei felles forståing i sensorkorpset om kva krav som vert stilt til elevene til eksamen. Eksamenskarakteren skal ikkje være avhengig av kva sensorar som har vurdert eleven sitt eksamenssvar. På sensorskuleringa nytta sensorane eit utval reelle eksamenssvar frå 2016 som utgangspunkt for å drøfte kva kompetanse kvart eksamenssvar viser, og kva karakter det einskilde eksamenssvaret skal ha ut frå nasjonalt fastsette kriterier. Tolkingsfellesskapet frå sensorskuleringa legg føringar for karaktersettinga av alle eksamenssvara i faget.

Fylkesmannen sine presentasjonar og Utdanningsdirektoratet sin presentasjon frå fellesøkta ligg i høgre marg. Lysark frå fagsamlingane blir sendt ut til sensorane.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.