Ta influensavaksine no!
Helsedirektoratet rår til at alle personar i risikogrupper, og alt helsepersonell med pasientkontakt vaksinerer seg mot influensa.
– Influensavaksine er viktig. Også i år vil både koronaviruset og influensa gi oss epidemi denne vinteren. Influensavaksine er det viktigaste tiltaket for å unngå alvorleg sjukdom, seier fungerande fylkeslege Vegard Ansok.
Han minner om at det også i år er viktig å halde hendene reine, for at du kan unngå å bli sjuk. Det er også viktig at du held deg heime når du er sjuk, så du ikkje smitter andre.
Influensa forårsakar årleg alvorleg sjukdom og dødsfall i sårbare grupper.
Risikogruppene er:
- Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
- Alle frå fylte 65 år
- Gravide etter 12. svangerskapsuke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
- Premature barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månadar (kronologisk alder) til 5 år
- Barn og vaksne med visse kroniske sjukdommar Sjå FHI sin nettside for informasjon.
Beskytte seg sjølv og pasientane
– For helsepersonell er det viktig å beskytte både seg sjølv og pasientane sine. Difor tilråder vi alt helsepersonell med pasientkontakt å vaksinera seg, seier Ansok.
Det er dei eldste og dei yngste pasientane, samt pasientar som har ei underliggande sjukdom med auka risiko, som er særleg sårbare for komplikasjonar til influensasjukdom. Difor bør også barn og vaksne i risikogrupper ta influensavaksinen.
– Arbeidsgivar skal betala for influensavaksinen for helsepersonell. Den er altså gratis for den einskilde helsetilsette, seier fylkeslegen.
Eldre og risikogruppene bør vaksinere seg no
Han fortel at FHI si overvaking no viser auka forekomst av covid-10 og influensa.
– Auken kan bety at sesongens utbrot kjem tidlegare enn vanleg.
Ansok understrekar viktigheita av at fleire vaksinerer seg no, slik at effekten er tilstrekkeleg før hovudsesongen for influensa bryt inn.
– Influensavaksine til helsepersonell har vore gitt gjennom mange år, og er trygg, seier fylkeslegen.
Han fortel at vaksinasjonsdekninga mot influensa gjekk ned førre sesong, både for risikogruppene og helsepersonell.
– Det er viktig at fleire vaksinerer seg no, for betre vern mot alvorleg sjukdom.
Influensa og Covid-19
Ansok seier at influensavaksina ikkje beskyttar ikkje mot Covid-19, men at ho er viktig å ta.
– Vi ønsker færrast mogleg sjuke, avsluttar han.