Nye oppvekstprofilar gir kunnskap til kommunane

Folkehelseinstituttet sine årlege profilar om oppvekst og folkehelse gir kunnskap til det lokale arbeidet med å betre folkehelsa.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.03.2022

Kvart år legg folkehelseinstituttet ut to unike rapportar for alle kommunane i landet. Bydelane i dei fire største byane får også profilar. Ein oppvekstprofil og ein folkehelseprofil.

Hent folkehelseprofil eller oppvekstprofil - FHI

Folkehelse- og oppvekstprofilane gir informasjon om den generelle helsetilstanden i kommunane, og om faktorar som påverkar helsa, både for barn og vaksne.

Tema for oppvekstprofilane i år er betydning av sosiale skilnader for barn si helse og oppvekst.  Kommunen skal nytte kunnskap om eigen kommune til å skape gode oppvekstmiljø for barn og unge. Gode og trygge barnehagar, skoler og nærmiljø er ein del av dette. Kommunale verkemiddel kan og bidra til økonomisk tryggleik, god integrering og legge grunnlaget for god psykisk og fysisk helse. Oppvekstprofilane gir kunnskap som kommunen må ta med seg i arbeidet med å lage planar for å hindre omsorgssvikt og adferdsvanskar, som Barnevernsreforma krev. 

Folkehelseprofilane vart publisert 15. februar. Også her vel Folkehelseinstituttet ut eit årleg tema dei sett søkelyset på. Årets tema er livskvalitet. God livskvalitet er ein verdi i seg sjølv som fremmar helse og sunnare levevaner. I tillegg kan god livskvalitet styrke motstandskrafta i møte med belastningar.

29. mars legg Folkehelseinstituttet ut ei samla folkehelseprofil på fylkesnivå. Den finn du på same nettside.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.