Kva slags effekt har tilsyn?
Helsetilsynet har initiert eit 4-årig prosjekt for å studere effekt av tilsyn
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 30.09.2015
Den første forskingsartikkelen frå dette prosjektet er no publisert i eit internasjonalt tidsskrift. Artikkelen byggjer på ein analyse av korrespondansen i 36 planlagde tilsyn, og ser på korleis tilsyn vert følgt opp og avslutta. Forfattarane finn at det er variasjon i måten fylkesmennene følgjer opp og avsluttar tilsyn, og at denne variasjonen kan påverke kva effekt tilsynet har. Lenke til rapporten finn de i høgremargen