Ansvarstilhøva for barn med funksjonshindringar
Det var fagdag for alle som arbeider med barn om ansvarstilhøva og samarbeidet rundt barn og unge med funksjonshindringar og/eller samansatte hjelpebehov i Ørsta 7. mars 2018.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
På fagdagen vart utfordringane med samarbeid på tvers av fagfelt i tenestene til barn og unge med funksjonshindringar/ samansatte behov tatt opp. Fagdagen tok til med Olaug Nilssen som fortalde frå si bok om opplevinga ho hadde som mor til ein gut med autisme. Fylkesmannen gjorde greie for regelverket på dei ulike områda, med hovudfokus på helse- og omsorgstenestene og barnevern. Det var også korte innlegg frå NAV og kommunane, før alle deltok i gruppearbeid der dei kom med tiltak for å betre samhandlinga i eigen teneste.
Den var den interkommunale barnevernstenesta Hareid, Hornindal, Ulstein, Volda og Ørsta i samarbeid med NAV Hareid/Ulstein og Ørsta kommune (Tildelings- og koordinerande eining) som arrangerte fagdagen.