Psykisk helsevern
Regelverket for bruk av tvang innan psykisk helsevern blir regulert av reglane i psykisk helsevernlova og tilhøyrande forskrift. Det er oppretta særskilde kontrollkommisjonar i kvart fylke som skal sjå til at praksis er i tråd med lova.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Lova regulerer dei formene for tvang som er særeigne for psykisk helsevern: i hovudsak vedtak om oppretting av tvungent psykisk helsevern og vedtak om ulike former for tvangsbehandling – særleg vedtak om tvangsbehandling med medikament.
Det er strenge krav til bruk av tvang i medhald av psykisk helsevernlova. Tvang kan berre brukast der frivillig psykisk helsevern har vore forsøkt utan at dette har ført fram, eller der det er openbert formålslaust å forsøke dette. Det er ein føresetnad at pasienten har ei alvorleg sinnsliding og pasienten må i tillegg oppfylle anten behandlingskriteriet eller farekriteriet.
Klage på vedtak som gjeld bruk av tvang i medhald av psykisk helsevernlova skal rettast til kontrollkommisjonen. Alle institusjonar innan psykisk helsevern som kan nytte tvang, skal ha ein kontrollkommisjon knytt til seg. Dersom du ønskjer å klage på eit vedtak som gjeld tvangsbehandling med medikament, sender du klagen til Statsforvaltaren.
Psykisk sjuke får no bestemme meir
Frå 1. september er krava til grunngjeving av vedtak om tvangsmedisinering skjerpa.