Tildeling prosjektskjønn 2016
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har delt ut kr 8 475 000 til prosjekter i kommunane.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I dag går det brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet om tildeling av prosjektskjønn. Alle kommunane i fylket har blitt invitert til å søkje støtte til utviklings- og fornyingsprosjekt. Det har kome inn omlag 40 søknadar til ulike tiltak. Totalt var det søkt om over 23 millionar kroner. Tildelinga til prosjektskjønn er førebels på kroner 8 475 000.
På grunn av den store skilnaden mellom omsøkt beløp og tilgjengeleg beløp, er det fleire gode prosjekt som det ikkje har vore mogleg å prioritere innanfor rammene av prosjektskjønnet i år. Fleire av prosjekta som har fått støtte, har fått eit mindre beløp enn det dei har søkt om. Det er fordi vi vil sikre ei kommunal forankring i prosjekta gjennom ein monaleg kommunal eigendel, og at omsøkt sum er mykje høgare enn summen vi har til fordeling.
Prosjekta som har fått støtte i år ligg i oversikta til høgre i margen.
Midlane vert utbetalt tidleg i juni.
Vi vil be om ei sluttrapportering på prosjekta. Sluttrapporteringa vil bli gjort i slutten av august 2017. Det vil da bli sendt ut ein e-post til kontaktpersonane på prosjektet, som blir ansvarleg for rapporteringa og vil vere vår kontaktperson. Rapporteringa skal gjerast i det same systemet kor søknaden vart sendt inn (ISORD). Det er og viktig at det kommer fram kva nytteverdi dette prosjektet kan ha for andre kommunar.
Kontaktpersoner
-
Sissel Hol
Tlf: 71 25 84 49 / 94 98 55 44