Grensejusteringar

Endring av kommunegrenser er regulert av inndelingslova.

Føremålet med inndelingslova er å legge til rette for ei kommuneinndeling som sikrar eit funksjonsdyktig lokalt folkestyre og ei effektiv lokalforvaltning.

Inndelingslova er ei prosesslov som seier noko om korleis saksgongen skal vere ved endring av kommunegrenser. Inndelingslova skil mellom fire typar grenseendringar:

  1. samanslåing
  2. deling
  3. grensejustering 
  4. grensefastsetting

Det er gitt ulike sakshandsamingsreglar alt etter kva type grenseendring det gjeld.

Eit sentralt prinsipp i inndelingslova er lokal medverknad. Inndelingslova gir derfor innbyggarar, grunneigarar og næringsdrivande med forretningsstad i kommune, rett til å sette fram ein søknad om at det skal setjast i gong utgreiing av grensejustering.

Søknaden skal vere skriftleg og grunngitt og den må innehalde kart med forslag til nye grenser. Søknad om utgreiing av grensejustering skal sendast statsforvaltaren. Statsforvaltaren skal varsle dei aktuelle kommunane om eventuelle søknader som kjem inn.

Departementet (eller statsforvaltaren etter delegert mynde) skal behandle søknaden og avgjere om utgreiing av grensejustering skal setjast i gong.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.