Resultat frå innbyggarhøyringa i Rauma kommune
        Fylkesmannen har i dag motteke resultata frå innbyggarhøyringa som er gjennomført i samband med grensejusteringssøknaden frå grunnkrinsane Hjelvik og Våge i Rauma kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 24.04.2019
                    
                Innbyggarane i dei to grunnkrinsane fekk følgjande spørsmål:
Kva kommune meiner du at grunnkrinsane Hjelvik og Våge skal høyre til i framtida?
- Bli i Rauma kommune
 - Overflytting til Vestnes kommune
 - Veit ikkje
 
Resultatet frå innbyggarhøyringa viser desse svara på spørsmålet:
Svarprosent: 92 %
- 23 % svarte "Bli i Rauma kommune"
 - 66 % svarte "Overflytting til Vestnes kommune
 - 11 % svarte "Veit ikkje"