Opphevar Stranda kommune sitt budsjett og økonomiplan
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal konkluderer med at Stranda kommune har gjort eit ulovleg vedtak om budsjett og økonomiplan. Vedtaket vert derfor oppheva.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I strid med kommunelova
Like før jul i fjor vedtok Kommunestyret i Stranda årsbudsjett for 2023 og økonomiplan for 2024-2026.
Kommunestyrerepresentantane Steinar Aanning, Roger Horremsbakk, Frank Sve og Ole Jørgen Sve meiner at saksbehandlinga ikkje har vore forsvarleg, og at innhaldet i vedtaket er i strid med kommunelovas krav.
Dei viser til at årsbudsjettet og økonomiplanen ikkje oppfyller kravet om realisme. Dei tre peikar på at det ikkje er realistisk å dekke inne meirforbruket gjennom utbytte og uspesifiserte innsparingstiltak.
Dei tre fremma krav om lovlegkontroll av vedtaket.
Uforsvarleg saksbehandling
– Vi har kontrollert vedtaket, og konkluderer med at saka ikkje var tilstrekkeleg utgreidd då kommunestyret trefte vedtaket om budsjett og økonomiplan. Saksbehandlinga har derfor ikkje vore forsvarleg, seier Helge Mogstad, fagdirektør hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Han forklarer at budsjettet og økonomiplanen ikkje oppfyller balansekravet i Kommunelova.
– Vedtaket har derfor ikkje eit lovleg innhald, og vi opphevar det, seier Mogstad.
Må gjere vedtak på nytt
Stranda kommune har no ikkje årsbudsjett og økonomiplan slik kommunelova § 14-3 krev. Kommunen må derfor vedta årsbudsjett og økonomiplan på nytt.
– Vi har bede kommunen om å sende oss nytt vedtak om årsbudsjett og økonomiplan så snart som mogleg og seinast 24. mai i år. Årsbudsjettet og økonomiplanen må vere realistisk, fullstendig og oversiktleg, avsluttar Mogstad.