Revidert nasjonalbudsjett 2023 og kommuneproposisjonen 2024

Torsdag 11. mai la regjeringa fram forslag til revidert nasjonalbudsjett for 2023 og kommuneproposisjonen for 2024. Regjeringa presenterer her reviderte anslag for kommunesektoren i inneverande år og det økonomiske opplegget for det kommande året.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.05.2023

Kommunal økonomi, 2023

Regjeringa vurderer kommuneøkonomien som god med eit gjennomsnittleg netto driftsresultat på 3 prosent for landet. Variasjonen er likevel større i 2022 enn i føregåande år. Bakgrunnen for dette er mellom anna utbetalingar frå Havbruksfondet, meirskattevekst og høge straumprisar.

Kommunal deflator vert anslått til 5,2 prosent. Dette er ei auke på 1,5 prosentpoeng i forhold til nasjonalbudsjettet for 2023. Meirskatteveksten er anslått til 4,3 mrd. kroner. Kostnadsveksten er med dette høgare enn meirskatteveksten. Dette vert foreslått kompensert i revidert nasjonalbudsjett med til saman 3,2 mrd. kroner, fordelt slik:

  • 2,1 mrd. kroner til kommunar
    • 1,6 mrd. kroner fordelt etter kostnadsnøkkelen
    • 500 mill. kroner etter berekna skatteinngang
  • 1,1 mrd. kroner til fylkeskommunar

Totalt utgjer 2,6 mrd. kroner her kompensasjon for netto kostnadsvekst. Det er lagt inn 600 mill. kroner som vekst i frie inntekter til kommunesektoren.

Anslått netto kostnadsvekst for kommunane samla er 1,6 mrd. kroner. Kommunar med svak skatteinngang får ein høvesvis større del av dei 500 mill. kronene enn kostnadsnøkkelen tilseier. Dette er grunngjeve med usikre anslag på kostnadsvekst og skatteinngang, betydelege geografiske variasjonar og demografisk utvikling i lys av ein usikker internasjonal situasjon. Midlane vert fordelt med utgangspunkt i skatteinntekter per innbyggjar før inntektsutjamning ut frå snittet for 2021 og 2022.

Grunnrenteskatt

Regjeringa la fram ein proposisjon om å innføre grunnrenteskatt for havbruksnæringa 28. mars. Saka skal handsamast av Stortinget før sommaren. 

Satsen for grunnrenteskatten er sett til 35 prosent. Grunnrenta vil variere, mellom anna ut frå utviklinga i prisar og kostnader, slik at også nivået på skatteinntektene vil svinge. Minst halvparten av inntektene frå grunnrenteskatten skal gå til kommunane. Skal gi auka og meir stabile havbruksinntekter til vertskommunar og -fylke.

Mottak og busetting av flyktningar

Kommunane har busett rekordmange flyktningar på kort tid. Samtidig vil det komme enda fleire framover, dei siste prognosane viser at det kan bli behov for å busette 43 000 flyktningar i 2023.

I tillegg til dei ordinære tilskota kommunane mottar til arbeidet med busetting og integrering vil kommunane motta 50 000 kroner per flyktning busett ut over dei som IMDi har bede dei om å busette.

Regjeringa legg opp til å mellombels gjeninnføre tilskot til bygging og kjøp av utleigebustadar for å møte kapasitetsutfordringar i kommunane. Kommunane kan òg få tilskot til istandsetting av bustadar. Dette gjeld busetting av både flyktningar og vanskelegstilte på bustadmarknaden. Tilskotet får ei føreslått tilsegnsramme på 400 mill. kroner i 2023.

Investeringstilskot til heildøgns omsorg

I revidert nasjonalbudsjett vert det foreslått å auke løyvinga til investeringstilskotet til heildøgns omsorg med 200 mill. kroner i 2023. Dette tilsvarar om lag 1 000 plassar i tillegg til dei om lag 500 plassane det allereie er gitt tilsegn om i år. 

Det økonomiske opplegget for kommunesektoren 2024

Regjeringa legg opp til ein samla vekst i dei frie inntektene på 5,6-5,9 mrd. kroner i 2024, med denne fordelinga:

  • 4,4-4,7 mrd. kroner til kommunane
  • 1,2 mrd. kroner til fylkeskommunane

Auka demografi- og pensjonskostnader blir dekt. Desse er anslått til høvesvis 3,9 mrd. kroner og 1,2 mrd. kroner. I tillegg får kommunane 150 mill. kroner til psykisk helse og rus.

Omlegging av inntektssystemet gjer at det er sett av 100 mill. kroner til dei kommunane som taper mest på gradert basiskriterium.

Skjønnsramma som vil bli fordelt til kommunane i 2024 er foreslått til 800mill. kroner, som er same nominelle nivå som i 2023. 

Ikkje nytt inntektssystem for kommunane frå budsjettåret 2024

NOU på området er varsla neste vår, vil tre i kraft frå budsjettåret 2025.

Kompensasjon (gradert basis) vert fordelt til dei kommunane som taper mest på dagens modell for gradert basiskriterium. Eittårig kompensasjon til kommunar med netto tap over 300 kroner per innbyggjar. Vert kompensert med om lag 1/3 av netto tap ut over 300 kr per innbyggjar.

Forsøk med frikommunar

Kommunar og fylkeskommunar kan søke om forsøk i ei frikommuneordning. Skal bidra til fornying og utvikling i kommunesektoren og er ein del av tillitsreforma.

For meir informasjon, sjå kommuneproposisjonen 2024.

Tabell kompensasjon gradert basiskriterium – fordeling Møre og Romsdal: