Fylkesmannen i møte med nye Ålesund kommune
Fylkesmannen inviterte seg til møte med nye Ålesund kommune, 12. sept. 2018, for å få ei oppdatering på status i arbeidet med samanslåinga av kommunane Sandøy, Haram, Ørskog, Skodje og Ålesund.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Nye Ålesund kommune er den største kommunesamanslåinga i Møre og Romsdal. Fylkesmannen fekk eit innblikk i korleis prosjektleiinga og fellesnemnda no riggar seg til å bli ein operativ kommune frå 1. jan. 2020, sjå vedlegg.
Overordna administrativ organisering er vedteke, og tilsetting er på gang. Prosjektleiinga legg stor vekt på samordning på tvers og samhandling for å kunne løyse alle oppgåver i den nye kommunen. Det vises til ivrige tilsette som har lyst til å kome i gang med den nye kommune – og godt samarbeid med dei tillitsvalde.
Både prosjektleiinga og fellesnemnda er opptekne av at dei skal bygge ein heilt ny kommune – og at innovasjon og nyskaping må ha fokus. Det viser også alle aktivitetane som er på gang i regi av den nye kommunen at dei har fokus på utvikling, innovasjon og forsking.
Erfaringsbasert læring og kompetansebygging blir eit viktig område framover både for dei tilsette og politikarane i nye Ålesund kommune.