Utvalde kulturlandskap i jordbruket

Bilete frå dei fire utvalde kulturlandskapa i Møre og Romsdal. Frå øvst til venstre: Eikesdalen, Hjørundfjorden og Norangsdalen, Fjellgardane i Sunndal og Alnes.
Bilete frå dei fire utvalde kulturlandskapa i Møre og Romsdal. Frå øvst til venstre: Eikesdalen, Hjørundfjorden og Norangsdalen, Fjellgardane i Sunndal og Alnes. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Arnold Hoddevik.
Oppdatert 11.07.2022

Statsforvaltaren har ansvar for å bidra til heilskapleg tenking innanfor dei utvalde kulturlandskapa.

Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL) er ei økonomisk satsing og ein arbeidsmåte for å ta vare på eit representativt utval av verdifulle norske jordbrukslandskap. Les meir om utvalde kulturlandskap i jordbruket på landbruksdirektoratet sine nettsider.

Statsforvaltaren skal:

  • Fordele årsrammer til dei utvalde kulturlandskapa i fylket.
  • Rettleie kommunane i regelverksspørsmål, bruk av søknads- og sakshandsamingssystemet og støtte med fagleg rettleiing.
  • Sikre at ordninga blir forvalta i tråd med forskrifta og statens økonomireglement, og utføre kontroll av ordninga hos kommunane.
  • Behandle klager på vedtak fatta av kommunane.
  • Rapportere årleg til Landbruksdirektoratet om prognoser og forbruk for ordninga i fylket.

Forvaltning av dei utvalde kulturlandskapa

Midlar til satsinga blir sett av over Klima – og miljødepartementet (KLD) sine budsjett og over jordbruksoppgjeret. Midlane fordelast til fylka ved statsforvaltarane, som fordelar dei vidare til kommunane med forvaltningsmyndigheit for eitt eller fleire område. Det kan innvilgast tilskot i samsvar med forskrift for ordninga , lokale retningsliner og planar for området. 

Utvalde kulturlandskap i jordbruket er eit samarbeid mellom mange aktørar. Sentralt samarbeider Landbruksdirektoratet,  Miljødirektoratet, og  Riksantikvaren,  der Landbruksdirektoratet har koordineringsansvaret. Direktorata og regionale etatar samarbeider med kommunar og grunneigarane i områda.

Kommunen gjer vedtak i tilskotsordninga. Det inneber at kommunen har ansvar for å fastsette søknadsfrist, informere og rettleie om regelverket og om søknadsprosessen. Kommunen skal og behandle søknader, fatte vedtak om tilskot og godkjenne utbetaling av tilskot. Som grunnlag for prioritering av tiltak skal kommunen fastsette lokale retningsliner- og utarbeide forvaltningsplan for området. 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 08.02.2023

Fordeling av områderammer til Utvalde kulturlandskap i jordbruket 2023

Dei fire utvalde kulturlandskapa i Møre og Romsdal har samla fått tildelt 3 108 452 millionar kroner for 2023.


Publisert 29.11.2022

Har starta regionalt forum for Utvalde kulturlandskap i jordbruket og verdsarv

I haust er det etablert eit regionalt forum for dei utvalde kulturlandskapa og verdsarvområdet i Møre og Romsdal. Forumet skal legge til rette for kunnskap- og erfaringsutveksling.


Publisert 16.12.2021

Eikesdalen er Utvald kulturlandskap i jordbruket (UKL)

Eikesdalen i Molde kommune vil frå 2022 få status som Utvald kulturlandskap i jordbruket. I grunngjevinga er Eikesdalen omtalt som eit moderne jordbrukslandskap med lang brukshistorie i dalføre på Nordvestlandet. Det er også lagt vekt på at landskapet har ein eineståande førekomst av edellauvskog med ein spesiell haustingstradisjon.


Publisert 20.03.2017

Alnes – det nye utvalde kulturlandskapet vårt

Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei oppfølging av nasjonale mål om å ivareta kulturlandskapet. Dette er eit samarbeid og eit spleiselag mellom landbruks- og miljøstyresmaktene.


Publisert 17.01.2017

Nye utvalde kulturlandskap

Satsinga på utvalde kulturlandskap har vore svært vellukka, og Regjeringa ønsker no å utvide denne satsinga til å omfatte fleire geografiske område. Møre og Romsdal har fått i oppdrag å legge fram forslag på 2-3 nye område i fylket, som kan inkluderast i utvalde kulturlandskap.