Klimarådgiving i jordbruket
I vårt RMP (regionale miljøprogram) har vi eit tiltak som heiter tilskot til klimarådgiving.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Føremålet med klimarådgiving er å gjennomføre ein heilskapleg gjennomgang av utslepp og opptak på garden.
I klimasamanheng har det vore mykje fokus på utslepp av klimagassar i landbruket, særleg metan (CH4) frå husdyra. I reknestykket høyrer det òg med at det er mykje opptak. I vekstfasen tek alle planter opp CO2 frå lufta. Det er det same karbonet som blir bunde i plantene (fôret) som i neste omgang går ut av dyret som metan. Det er dermed eit karbonkretsløp.
I tillegg har vi næringsstoff på avveie. Enkelt sagt er det tap til vatn eller luft av næringsstoff frå husdyrgjødsel eller kunstgjødsel. Årsakene kan vere fleire: Tidspunkt for gjødsling, mengde gjødsel, type gjødsel, drenering, tilstand på enga (jordpakking, køyreskader, pløyefrekvens m.v.). Næringsstoff på avveie har betydning for både klima, miljø og lommebok.
Klimarådgiving inneber å finne tal for samla utslepp og opptak samt lage plan for gjennomføring av klimatiltak. Landbruksdirektoratet godkjenner klimarådgivarar og har oversikt over alle som er godkjent. Både Norsk Landbruksrådgiving og TINE har godkjente klimarådgivarar.
Gjennom RMP har vi tilskot til gjennomføring av klimarådgiving. Det kan skje både enkeltvis og gruppevis. Vilkåret er at klimarådgivinga er gjennomført i perioden mellom 15. oktober i fjoråret og 15. oktober i søknadsåret, av godkjent klimarådgivar og at det er utarbeidd ein tiltaksplan.