Utbetaling av regionale miljøtilskot for 2020

I mars ble det betalt ut regionalt miljøtilskot for 2020. I alt ble det betalt ut 22,3 millionar kroner til 1052 føretak.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.04.2021

Det regionale miljøprogrammet skal bidra til å vare på jordbrukets kulturlandskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø og å redusere avrenning til vatn og utslepp til luft. Regionalt miljøprogram for Møre og Romsdal blir fastsett av Statforvaltaren i samråd med Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget.

Innanfor gjeldande program (2019 – 2022) kan bønder søke om tilskot til tiltak innanfor fem miljøtema. Nedanfor kan du sjå korleis utbetalingane for 2020 fordeler seg på desse tema.

imagehyldz.png

I miljøtema kulturlandskap inngår tiltaka slått av verdifulle jordbrukslandskap, skjøtsel av bratt areal og drift av beitelag. For biologisk mangfald inngår tiltaka skjøtsel av slåttemark og kyst-lynghei og tilrettelegging av fuglebiotopar for trua fugleartar. Innan miljøtema kulturminne og kulturmiljø kan ein søke om tilskot til drift av seter og skjøtsel av gravminne. For å redusere avrenning til vatn kan ein søke om tilskot til utsett jordarbeiding, å etablere grasdekte kantsoner i åker og til vedlikehald av fangdammar. Spreiing av husdyrgjødsel i vår-/vekstsesong inngår saman med tilførselsslangar og bruk av nedleggings  eller nedfellingsutstyr i miljøtemaet utslepp til luft.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.