Nytt e-læringskurs om demensomsorg for Inn på tunet-tilbydarar
Målet med e-læringskurset er at Inn på tunet-tilbydarar skal vere førebudd og ha en grunnleggande kompetanse om demensomsorg og vere attraktive leverandørar av teneste til kommunane.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Tema i kurset er krav og rutine for dagaktivitetstilbod, tildeling av plassar, inntak og uttak av brukarar, teieplikt, dokumentasjonsplikt og journalføring. I tillegg lærer ein kva personsentrert omsorg er og korleis det vert brukt i Inn på tunet-tilbodet. Meiningsfulle aktivitetar for personar med demens, miljøbehandling, rutine og korleis møte og løyse situasjonar med utfordrande oppførsel er òg tema.
Tilbydar kan undervegs i kurset jobbe med å lage ein utdjupande presentasjon av eigen gard og kva som kan tilbydast personar med demens. Alle har bestått test til slutt får kursbevis.
Kurset kan du ta gratis hos Aldring og helse. Du må logge inn med ID-port.
E-læringskurset er utvikla av Aldring og helse på oppdrag frå Statsforvalteren i Oslo og Viken, som ein del av Inn på tunet-løftet 2 og pilotprosjektet innan demens.
Kurset er finansiert av Viken fylkeskommune og Landbruksdirektoratet.