Til landbruksnæringa
Koronautbrotet gjer at vi er i ein heilt spesiell situasjon, som er utfordrande for heile samfunnet. Vi er opptatt av å bevare liv og helse og vi må ta vare på næringsliv og andre viktige samfunnsfunksjonar. I denne situasjonen blir vi minna om kor viktig matproduksjonen er. Vi vil derfor rette ei takk til alle som står på for å sikre matforsyninga til landet vårt.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det er mange som er usikre slik kvardagen no er blitt, godt samarbeid mellom næringsaktørane og mellom næring og myndighetar er viktig i tida som kjem. Vi må ta vare på både folkehelsa og evna til matproduksjon.
Tida for våronna nærmar seg, og drifta må gå som normalt. Det er viktig at areala blir brukt, Landbruks- og matminister Olaug Bollestad understrekar at vi i størst mogleg grad må produsere som i eit normalår.
Det har vore usikkert om sesongarbeidarar frå EØS-land får tilgang til landet. Dette har vore spesielt utfordrande for bærprodusentane, men og for skogplantinga. Det er no bestemt at EØS- borgarar som skal arbeide i ei næring der det er kritisk behov for arbeidskraft får kome til Noreg. Dette betyr at EØS-borgarar som skal arbeide i landbruk, gartneri, skogbruk og matindustri får tilgang til landet. Karantenereglane vil gjelde også for desse personane.
Vi vil nok ein gang framheve at samhald og samarbeid er viktig i tida som kjem. Hold kontakt med kollegaer, rådgivingstenestene, forvaltning og faglag. Vi ønsker alle lykke til i vekstsesongen 2020.
Helsing
Frank Madsøy, landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Kontaktpersoner
-
Frank Madsøy
Tlf: 71 25 84 03 / 97 17 14 93