Skogbruksplanmøte - Gjemnes
Det har vore stort oppmøte på informasjonsmøta om skogbrukplanlegging i fellesprosjektet for Averøy, Eide, Gjemnes og Kristiansund kommunar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Allskog har fått oppdraget knytt til kartlegging av skogressursane i dei aktuelle kommunane. Prosjektet er kostnadsrekna til over 5 millionar kroner, og Fylkesmannen i Møre og Romsdal har løyvd 3 millionar kroner i tilskot til arbeidet. Skogeigar kan få 52 % tilskot ved kjøp av skogbruksplan/ressursoversikt for sin eigedom. Prosjektet famnar over 1000 skogeigarar med eit produktivt skogareal på rundt 240 000 da. Det er halde tre informasjonsmøte, og rundt 220 skogeigarar har delteke. I Batnfjorden møtte rundt 100 personar!
Det er planta mykje i desse kommunane og ein er no i oppstarten av ein haustingsperiode. For å forvalte desse skogressursane best mogleg er det viktig å ha ein oppdatert oversikt. Mykje av kartlegginga skjer inne ved hjelp av flybilete og laserdata. Ferske laserdata er nyttig fordi det gir eksakt høgde på skogen og dermed meir nøyaktige data. Dette arbeidet vert kombinert og kalibrert med ulike prøveflater som er teke ute i skogen. Samtidig med skogregistreringane vert det også gjort miljøregistreringar.
Ei kartlegging av skogressursane gir skogeigar høve til å ta betre avgjerder knytt til tiltak i skogen. Det kan vere hogst eller bygging av vegar. Vidare kan skogbruksplana nyttast som takstgrunnlag ved overdraging av eigedom eller grunnlag for lån/finansiering. Miljøregistreringane er eit krav for å kunne dokumentere at ein driv skogen på ein berekraftig måte og med det kan levere miljøsertifisert virke.
Ressursoversikt med kart blir levert digitalt og som papirdokument. Den digitale versjonen kan nyttast på telefon ute i skogen med gps-funksjon. Dette gir informasjon om skogressursane på staden og har blitt eit populært hjelpemiddel.
Det finst meir informasjon på Allskog si heimeside. Her finn ein og link til bestilling som må skje innan 27. november.