Grunndata og kart
Gardskart viser oversikt over arealressursane og arealtilstanden for kvar landbrukseigedom. Kartet er lagd for landbruksforvaltninga og alle eigarar og brukarar av landbrukseigedomar.
Gardskartet er m.a. grunnlag for utmåling av arealbaserte tilskot i landbruket, men blir også brukt i arealplanlegging, statistikk og forskning.
NIBIO produserer arealressurskartet på grunnlag av flyfoto og grunnlagsdata levert av kommunen. Informasjonen i gardskartet blir henta frå arealressurskartet (AR5), utarbeidd av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Matrikkelen og Landbruksregisteret.
Du kan sjå på gardskartet gjennom ei innsynsløysing her ved å leggje inn gards- og bruksnummer. I gardskarttenesta kan du legge til ulike kartlag, slik at du kan få oversikt over plassering av ulike element, slik som fornminne, verneområde, område med erosjonsrisiko, jordkvalitet, stadnamn, eigedomsgrenser, osv. Du kan også legge til ortofoto, som gjev flyfoto i kartet. Tenesta er open for alle.
Les meir om gardskartet på nettsida til NIBIO. Link til meir informasjon om arealressurskart (AR5) ligg her.
Påfyll av kunnskap på AR5-kurs i Rauma
I midten av juni blei det arrangert feltkurs i AR5 i Rauma. AR5 er eit detaljert heildekkande, nasjonalt kartdatasett som skildrar arealressursene i landbruket.
Publisert 17.12.2019
Nytt om gardskart og kommunereform
Frå 1. januar 2020 gjeld nye kommunegrenser over store deler av landet. Svært mange får nye gards- og bruksnummer på sine eigedomar. Alt dette vedkjem også kartet.
Publisert 14.06.2019
Nyttig feltkurs om klassifisering av arealtilstand
Tilstanden på jordbruksareal er viktig for fleire brukargrupper, og kommunen har ansvaret for å holde kartet ved like. Engasjerte og kunnskapshungrige saksbehandlarar frå 13 kommunar deltok på feltkurs om klassifisering av arealtilstand i Vestnes 13. juni.
Publisert 05.10.2018
Tid for oppdatering av arealressurskartet (AR5)
Kartverket vil gjennom NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) oppdatere arealressurskartet for mange kommunar i Møre og Romsdal i 2019. Store delar av Møre og Romsdal vart fotografert i 2018, og bileta vert klare til bruk frå 2019. Det ligg føre planar om å oppdatere kartlaget i 16 kommunar.
Publisert 29.06.2018
Ny kartløysing for gardskart
Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO) lanserte 14. juni 2018 ny løysing for gardskart på internett.
Kontaktpersoner
-
Odd Løset
Tlf: 71 25 84 08 / 99 04 10 06