Informasjonsbrev veke 21/2023

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Matgledekorps 2023 
  • Hoppid nettverkssamling 6. - 7. juni i Ørsta - påmeldingsfrist no! 
  • Miniseminar om landbruksbasert biogass 2. juni - påmeldingsfrist no! 
  • Årets Lokalmatgründer 2023 
  • Rundskriv - Regionale miljøtilskot i jordbruket for 2023 (RMP)  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.05.2023

Matgledekorps 2023 

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fått midlar til Matgledeprosjekt også i år. Kommunar og institusjonar som er interessert i å setje fokus på mat og ernæring vert oppfordra til å søke om å vere vertskap for eit av tre Matglede-arbeidsseminar som skal gjennomførast til hausten tre stader i fylket. 

Frist for å søke om å vere vertskap: 30. mai. 

Meir info finn du her: Matgledekorpset på ny turne i Møre og Romsdal | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no) Ta gjerne kontakt om du har spørsmål! 

Det er også laga ein videosnutt som er lagt ut på Statsforvaltaren si Facebookside, som er lett å dele: https://fb.watch/kIaFPCrAj4/  Og lik gjerne FB-sida vår for å få med deg kva som skjer hos Statsforvaltaren. 

Kontaktperson: Marie Teigland 

 

Hoppid nettverkssamling 6. - 7. juni i Ørsta - påmeldingsfrist no! 

Statsforvaltaren, Fylkeskommunen og Innovasjon Norge inviterer til nettverkssamling 6. - 7. juni for Hoppid kontaktar og andre som jobbar med næringsutvikling i kommunen. Eit spennande program, der vi mellom tysdag 6. juni skal få inspirasjonshistorier om næringsutvikling og bedriftsnettverk innan reiseliv/landbruk. 

Frist for påmelding: snarast og seinast 25. mai. 

Pris for heile samlinga frå 6.-7. juni inkl. middag og overnatting kroner 1 500. Vi bookar overnatting. 

Avbod vert belasta med eit «ikkje møtt» honorar på kroner 1 500. 

Påmelding og informasjon om allergiar til may.britt.roald@mrfylke.no , tlf. 466 96 382. 

Program finn du her. 

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger 

 

Miniseminar om landbruksbasert biogass 2. juni - påmeldingsfrist no! 

Statsforvaltaren ser behovet for å kommunisere betre med kommunane kring regelverk og kunnskap om kva eit landbruksbasert biogassanlegg er, og kva som bør inngå i svar til søknad om utsleppsløyve. 

Vi inviterer difor til eit miniseminar fredag 2. juni kl 10 – 11.30 på Fylkeshuset i Molde.  

Etter møtet og lunsj er vi invitert til Morten og Martin Toreli i Hustadvika for ei omvising på deira nye biogassanlegg, driven på husdyrgjødsel, meieri-, og fiskeslam, for straumproduksjon.  

Agenda: 

kl 10  Velkomen 

Teknisk om Biogass, moglegheiter, krav og utvikling innan sektoren Ingvar Kvande - NORSØK 

Forventningar til svar frå kommunane, omfang i M&R  Christian Dahl - miljøvernavd, SF 

1130 Lunsj 

kl 1215 Avreise til Hustadvika  

kl 1400 Avslutning  

Fagdelen før lunsj kan følgjast på Teams for dei som ikkje ser seg råd å ta turen. 

Oppmodar om at invitasjonen spreiast internt i kommunen. Landbruk og byggesak er viktige målgrupper. 

Påmelding på mail seinast 25. mai til Åsmund Asper, fmmrasas@statsforvalteren.no 

Kontaktperson: Åsmund Asper 

 

Årets Lokalmatgründer 2023  

Skal kårast i regi av Hanen og vil gjerne ha nominasjonar. Gjer stas på ein av våre dyktige lokalmatprodusentar ved å sende inn ein nominasjon. Det kan bety mykje no i desse tider!  Meir informasjon om kåringa her  Nominasjonen gjerast enkelt ved å fylle ut skjema her. 

Kontaktperson: Marie Teigland 

 

Rundskriv - Regionale miljøtilskot i jordbruket for 2023 (RMP) 

På heimesida til Statsforvaltaren finn du rundskrivet (2023-1 RMP). 
Dette gjev ein meir utfyllande informasjon om vilkåra og dei ulike tiltaka. 

Kontaktperson: Andreas Aarset  

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.