Informasjonsbrev veke 42/2023
- ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2023-10 – Frist 25. oktober
- Ynskjer forslag på kandidatar til landbruket sin Inspirasjonspris – Frist 15. januar
- Utlysing av tilskot til regionalt Klima- og miljøprogram - Frist 15. november
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2023-10 – Frist 25. oktober
Virkesopplysningar for periode 2023-10 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane. Frist for å godkjenne er 25. oktober. Det er viktig at det blir godkjent innan fristen! Hugs også eventuell fil med manuelt registrert virke.
Kontaktperson: Åslaug Røberg
Ynskjer forslag på kandidatar til landbruket sin Inspirasjonspris – Frist 15. januar
Møre og Romsdal Landbruksselskap skal dele ut ein pris for å heidre folk i landbruket som har gjort ein spesiell innsats for å fremje næringa. Det kan vere ein gardbrukar, ein familie eller eit fellestiltak. Vinnaren får eit kunstverk og 10.000 kroner. Prisen skal overrekkast på Landbrukskonferansen i Molde 8. mars.
Forslag på kandidatar sendast til per.nakken@statsforvalteren.no innan 15. januar.
Meir informasjon om Inspirasjonsprisen finn du her. Del gjerne 😊
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger
Utlysing av tilskot til regionalt Klima- og miljøprogram - Frist 15. november
Statsforvaltaren forvaltar midlane som går til fylkesvise klima- og miljøtiltak. Vi har att ei ramme for 2023 på kr 132 000,- som no lysast ut på nytt. Søknadsfrist er 15. november
Kontaktperson: Åsmund Asper