Nye rundskriv om praktiseringa av jordlov og konsesjonslov

Landbruks- og matdepartementet har nyleg gitt ut to nye rundskriv om praktiseringa av jordlov og konsesjonslov. Rundskriva inneber ikkje endringar i lov, men inneheld tydeliggjering av allereie etablert praksis.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.06.2021

Rundskrivet om jordlova (M-2/2021) gjeld praktiseringa av bestemmelsen om deling av landbrukseigedom og omdisponering av jordbruksareal. I tillegg er praktiseringa av reglane om driveplikt no blitt ein del av dette rundskrivet. Rundskrivet om konsesjonslov (M-1/2021) gjeld praktiseringa av konsesjon, buplikt og priskontroll.

Du kan lese meir om dei nye rundskriva på regjeringa sine nettsider

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.