Ny verdiskapingsanalyse og ny trendanalyse

Skjermdump som viser rapportene.
Skjermdump som viser rapportene.

NIBIO har laga ny verdiskapingsanalyse for landbruk og landbruksbasert industri i Møre og Romsdal. Ruralis har laga ny analyse av trender for landbruket.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.07.2022

I samband med arbeidet med å lage ny Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal vart det bestilt to nye rapportar, der Statsforvaltaren i stor grad har bidratt i finansieringa. Den eine tek for seg status og utviklingstrekk for verdiskaping og sysselsetting i landbruket og i den landbruksbaserte industrien og er utabeidd av NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi). Den andre tek for seg trender i landbruket i Møre og Romsdal og i landet og er utarbeidd av RURALIS (Institutt for rural- og regionalforskning).

Verdiskaping og sysselsetting i landbruk og landbruksbasert industri i Møre og Romsdal 

NIBIO sin «Verdiskaping og sysselsetting i landbruk og landbruksbasert industri i Møre og Romsdal» er i grove trekk berekningar av kor stor verdiskapinga er frå ulike produksjonar, i kvar kommune og korleis utviklinga har vore samt kor stor sysselsettingseffekt landbruket har. Tala viser mellom anna at verdiskapinga frå jordbruket i fylket er på litt over 1 milliard kroner, noko som er ca. 50 mill. kr mindre enn i 2010 (målt i 2020-kroner). Verdiskaping pr. årsverk i jordbruket har gått opp med nesten 86 000 kroner, men det er over 700 færre årsverk enn i 2010. Mjølkeproduksjon står for 67 % av den samla verdiskapinga. Det er berekna at det er 850 sysselsette i næringsmiddelindustrien som er direkte avhengig av lokalt jordbruk.

I tilknytning til verdiskapingsanalysen har NIBIO utarbeidd eit eige ark for kvar enkelt kommune som viser både konkrete tal, utrekningar, fordeling og utvikling. Dette er nyttig for alle som vil sjå korleis tala er for sin kommune.

Trender i norsk landbruk – regional rapport for Møre og Romsdal

Ruralis sin «Trender i norsk landbruk – regional rapport for Møre og Romsdal» baserer seg på ei spørjeundersøking av eit utval bønder, både her i fylket og nasjonale tal. Rapporten tek for seg bonden og garden, økonomi og investeringar, rekruttering og framtidsutsikter, tilleggsnæringar, klimaendringar og klimagassreduserande tiltak og bondens helse og sosiale liv. Kort sagt: Korleis oppfatter bøndene tilstanden i jordbruket i dag, og kva tenker dei om framtida? Tala er samanlikna med tala frå tilsvarande undersøking for 4 år sidan.

Undersøkinga viser m.a. at ein større del av bøndene er svært utilfreds med den økonomiske situasjonen no enn for fire år sidan. Særleg interessant er spørsmålet om bonden trur at garden fortsatt er i drift om 20 år. 46 % trur at garden då er i drift av enten dagens brukar eller av barn/slekt av dagens brukar, men dette er ein mindre del enn for fire år sidan då 56 % trudde det same. Dette er bekymringsfullt når ein tek med at mange bruk er blitt lagt ned i løpet av desse fire åra. Samtidig ser mange for seg å utvide produksjonen.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.